Arendalsveka må ta lærdom av kva som hende på den svenske Almedalsveckan og sette foten ned for SIAN og liknande rasistiske og fascistiske organisasjonar.
Når rasistar og høgreekstreme slepp til i det offentlege rom, blir deira haldningar og meiningar meir og meir normalisert.
Arendalsveka blir arrangert 14.–19. august og er ifølge eigen reklame «årets viktigste møteplass mellom ledere i politikk, næringsliv og media». I eit valår vil dei fleste politiske parti og ein rad organisasjonar syne seg fram på Arendalsveka.
Leiar i programkomiteen er tidlegare stortingsrepresentant for SV, Øystein Djupedal. Han kan presentere eit rikt program, der Hillary Clintons valkampsjef, John Podesta er det store trekkplaster.
Men det som ikkje har fått så mykje omtale er at den rasistiske organisasjonen «Stopp islamiseringen av Norge» (SIAN) skal delta på arrangementet med stand.
Sjølv om SIAN hardnakka hevdar at dei er mot rasisme og nazisme, så fremmar dei aktivt hat mot etniske og kulturelle minoritetar. Difor er det grunn til å halde dei langt unna eit folkeleg arrangement som Arendalsveka burde vere. Deira deltaking kan virke støytande på andre, først og fremst på innvandrarorganisasjonar. Som vi ser av programmet så langt så er ingen av dei påmeldt. Tilfeldig?
SIAN, ei farleg rasistisk gruppe
Eit kjenneteikn for rasismen er negative tankar kring andre folkeslag og grupper. Samstundes har ein store tankar om seg sjølv og sitt eige folk.
SIAN er ei farleg rasistiske gruppe med potensiale for å kunne vekse. Dei fører eit språk som er lik den dei opne nazistane brukar. Dei stigmatiserer muslimar og gjev dei den same rolla jødane hadde i mellomkrigstida. Då blei alle fiendar av jødehat skulda for å vere nikkedokker for ein jødisk verdskonspirasjon. I SIAN si forskrudde verd heiter konspirasjonen «Eurabia», der muslimane kjem for å ta oss og legge landet ope for steining og kjønnslemlesting.
Grunngjevinga for å sleppe SIAN inn i varmen på Arendalsveka er omsynet til ytringsfridomen. Men det er nå slik at rasisme ikkje er ei normal ytring, men eit brotsverk. Dette er nedfelt i lovverket og burde gjort det lett for programkomiteen å seie nei.
Nazistane i Den nordiske motstandsrørsla sprer stadig sin propaganda via løpesetlar og nettside. SIAN er stadig ute i gågater og på torg rundt omkring i landet og Hans Rustad og document.no får stadig brei omtale i media. Deira ytringsfridom tyder stigmatisering og trugsmål mot alle dei er usamde med. Når rasistar og høgreekstreme slepp til i det offentlege rom, blir deira haldningar og meiningar meir og meir normalisert. Det er ingen tent med – sett bort frå rasistane, sjølvsagt.
Ta lærdom av Almedalsveckan
Om ikkje anna, bør Arendalsveka ta lærdom av sitt svenske motstykke, den politiske festivalen Almedalsveckan på Gotland. Her fekk nazistane i Den nordiske motstandsrørsla ta del. Resultatet vart at dei lagde kvalm og terroriserte funksjonshemma og andre som blei tvungne til å pakke sakene sine og reisa heim. Ein slik skandale kan Arendalsveka gardera seg mot ved å utestenge alle rasistiske og fascistiske organisasjonar.
Ei normalisering av rasisme gjer rasistane meir og meir motivert til å jobbe vidare med sin agenda. Dei kjenner seg sterkare og går lengre i sine åtak mot dei som ikkje passar inn i deira verdsbilete.
Vi vil difor oppmoda arrangøren av Arendalsveka til å tenke om igjen kva konsekvensar det får ved å gje rasistar ein slik talarstol. Her lyt òg andre deltakarar sette foten ned og gje klår melding til arrangøren.
Hiv ut SIAN og styrk arbeidet for å få eit breiare arrangement slik at det gjenspeglar heile vårt fleirkulturelle samfunn.
{jcomments on}