18 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Alle delar av norsk militærpolitikk er basert på NATO og utanlandske aggresjonskrigar, medan territorialforsvaret vert redusert til eit nivå som vi aldri tidlegare har sett. 

Befalsskolen for Heimevernet på trening i Porsanger. Foto: Marte Brohaug / ForsvaretBefalsskolen for Heimevernet på trening i Porsanger. Foto: Marte Brohaug / ForsvaretDen nye  langtidsplanen for Forsvaret som vart lagt fram av regjeringa 17. juni i år har fått stor merksemd. Det økonomiske hovudelementet i planen er auka løyvingar til Forsvaret på 165 milliardar kroner i løpet av dei neste 20 åra.

Regjeringsnotat som har vorte lekka til Klassekampen synar at Forsvarsdepartementet meiner at tilleggsløyvingane må opp i minst 206 milliardar kroner over dei neste 20 åra om den nasjonale forsvarsevna skal oppretthaldast.

Dei militære hovudelementa i planen er styrking av offensive og langtrekkjande våpenplattformer basert på dei nye F-35 jagerflya og dei fem eksisterande fregattane, samt av Spesialstyrkane og Etterretningstenesta. Og ei tilsvarande svekking og nedprioritering av styrker og våpensystem som er egna til forsvar av norsk territorium.

Prioritering av luft og sjø 

Regjeringa legg opp til å  prioritera få, men sterkt offensive og langtrekkjande våpensystem. Dette vert av regjeringa kalla dei strategiske kapasitetane. Det tydelegaste dømet på dette er det særs kostnadskrevjande kjøpet av inntil 52 jagerbombefly av typen Lockheed Martin Joint Strike Fighter, F-35. Anskaffingskostnaden på desse flya er i overkant av 68 mrd. kroner, men om dollarkursen stabiliserar seg på dagens nivå må Noreg betala omlag 82 mrd. kr for flykjøpet. Samla levetidskostnadar vil vera minst 275 mrd. kr. Desse flya vil dimed åleine sluka ein vesentleg del av norske forsvarsbudsjett i åra som kjem. Samstundes kjem det no òg i USA stadig oftare opp spørsmål kring tekniske feil og operative evner. Det er soleis uvisst kor operativt og funksjonelt flyet eigentleg vil vera. Noko som er rimeleg klårt er at det er lite eigna til forsvar av norsk territorium, men desto meir eigna til bruk i ymse NATO-operasjonar langt frå Noreg sine grenser.

Overvakingsfly av typen Orion.Overvakingsfly av typen Orion.Det leggjast vidare opp til at dei seks P-3 Orion overvakingsflya som Noreg no har med Andøya som base, skal erstattast med fire nye overvakingsfly av typen P-8 Poseidon med ein prislapp på i overkant av 1,5 mrd kr pr. stk. rekna ut frå dagens dollarkurs. Overvakingsflya driftast av personell frå Luftforsvaret, men E-tenesta disponerar og analyserar all informasjonen dei samlar inn. Dei snart 50 år gamle Orionflya vert nytta til maritim overvaking, redningssøk til havs og ubåtsøk.

Forsvarssjef Bruun-Hanssen gjekk i sitt fagmilitære råd til regjeringa inn for å leggje ned samtlege av dei maritime overvakingsflya, eit råd som tydelegvis ikkje vert fylgt. Noreg får truleg ikkje lov av USA til å avskaffa denne overvakingskapasiteten, då desse flya vert sett på som heilt sentrale i å detektera ubåtar og øvrige krigsskip på veg ut frå dei russiske basane på Kola.

Det ligg vidare inne føringar til å oppgradera dei fem fregattane som Noreg no har. Desse langtrekkjande og offensive krigsskipa har krevd langt meire vedlikehald og oppgradering enn forutsatt når dei for få år sidan vart leverte frå Spania. Løyvingar til fleire faste stillingar skal gjere at fire av dei fem skipa kan sigla samstundes. Dei siste åra har det vore for få offiserar til fregattane, slik at berre to av fem skip kunne vere til havs på same tid.

Sjøforsvaret skal få fire nye ubåtar, når dei noverande seks gamle ubåtane av ULA-klassen om få år må takast ut or drift. Ubåtar er eit dyrt våpensystem både i anskaffing og drift. Danmark har t.d. av slike grunnar valgt å avskaffa heile sitt ubåtvåpen. Men det er her overveiande sansynleg at NATO, les USA, ikkje vil tillata at europeisk del av Nordkalotten vert utan lokal ubåtkapasitet til stades.

Av militære avdelingar utanom jagerflyvåpenet og fregattane er det berre to som skal prioriterast: Spesialavdelingane (Forsvarets spesialkommando, FSK, då Marinejegerkommandoen planleggjast lagt ned) og Etterretningstenesta (E-tenesta). Både FSK og E-tenesta sin Etterretningsbataljon er verva einingar, og heilt sentrale i dei utanlandsoperasjonane som Noreg som NATO-medlem har teke del i dei seinare åra.

Offensive våpensystem

Samstundes med opprusting av dei offensive våpensystema, vil mindre og defensivt egna våpensystem verta avvikla. Elleve lokale baser og anlegg rundt om i landet skal leggjast ned, noko som òg førar til tap av mange lokale arbeidsplassar. For Sjøforsvarets del skal samtlege ni minejakt- og mineryddingsfartøy vekk. Dette er små skip som berre er egna til innanskjærs aktivitet. Tidlegare har desse fartøya vorte framheva som viktige i uskadeleggjering av miner i samband med ein militær trussel mot Noreg, for å sikra sjøverts militær bistand frå andre NATO-land. 

I tillegg til mineryddingsfartøya skal etter planen dei seks relativt nye kystkorvettane av Skjoldklassen, som er verdas hurtigaste krigsskip, avhendast. Dette er mindre skip med avgrensa rekkevidde og sjøeigenskapar utanfor kystnære område.

Det tydelegaste dømet på at forsvar av eigen befolkning og eige territorium ikkje er det som vert prioritert, er nedskjæringane i landforsvaret som særleg råkar Hæren og Heimevernet (HV). HV skal frå 2017 skjærast ned til omlag 30 000 soldatar, ein reduksjon på 60 000 soldatar på ca. 20 år. Sjøheimevernet skal heilt avviklast. Antalet lokale HV-distrikt skal òg tilsvarande reduserast. Dette har ført til uvanleg kraftige protestar frå Heimvernsfolk over heile landet, med m.a. facebookaksjonar og framlegg om vardebrenning i protest mot denne utviklinga, noko som førte til at Generaladvokaten såg det naudsynt å gå ut med trugsmål om disiplinære og rettslege forføyningar mot HV-mannskap som involverar seg i dette.

Dei lenge varsla moderniseringane og investeringane i nye stridsmiddel til Hæren i form av stridsvognar, pansra personellkøyrety, artilleri og avdelingsluftvern, har med langtidsplanen vorte skyve ytterlegare ut i tid. Dette skal først utredast i ei komande sokalla landmaktutreiing. I Hæren har dei eit gamalt ordtak som seier «det er infanteriet som avgjer striden». Det ser ikkje ut som om norske politikarar i vår tid tek mykje omsyn til dette.

Dei økonomiske føresetnadane

For budsjettåret 2016 er det ordinære forsvarsbudsjettet på 42,5 mrd. kroner. Omlag 60 % av budsjettet er bunde opp i lønnskostnadar. Med ekstraløyvingar, hovudsakleg til kjøpet av kampflyet F-35, kjem årets totale militærbudsjett på 48,9 mrd. kroner. Dette er 1,5 % av brutto nasjonalprodukt (BNP). Forsvaret sin del av statsbudsjettet har vorte stadig mindre dei siste tiåra, samstundes med at kostnadane til anskaffing av nytt militært materiell har hatt ei relativ sterk auke. 

«Det politiske vedtaket som i størst grad ville sikra tryggleiken og det nasjonale sjølvstendet til Noreg ville vera å melda landet ut or NATO.»

I langtidsplanen ligg det òg inne eit krav til Forsvaret om innsparing og effektivisering på 40 mrd. kroner over 20 år. Forsvaret er den delen av offentleg sektor som har vore gjennom flest og mest omfattande nedskjæringar og omorganiseringar dei siste åra. Ytterlegare 1400 årsverk skal fjernast i Forsvaret innan 2020. Kravet om innsparing og effektivisering vil ikkje minst råka dei sivilt tilsette. Regjeringa legg opp til nye rundar med outsourcing av forsvarstilsette innan alle formar for logistikk som t.d. transport, vedlikehald og kantinetenester. Reinhaldstenesta vart outsourca frå og med i år og 400 reinhaldarar, vesentleg godt vaksne kvinner, fekk då valet mellom å starta jobba for det internasjonale storkonsernet ISS til vesentleg dårlegare løns- og pensjonsvilkår, eller å slutta i jobben. Avtala med ISS vil kosta norske skattebetalarar 1,8 mrd. kroner over sju år.

Forsvar av norsk imperialisme

Den nye langtidsplanen for Forsvaret styrkar ei allereie rådande utvikling med opprusting og anskaffing av offensive stridsmiddel som mest egnar seg for aggresjonskrig langt utanfor Noreg sine grenser. Dei utanlandske krigsoperasjonane som Noreg har delteke i dei siste åra vart i Godal-utvalet sin rapport om krigsdeltakinga i Afghanistan grunngjeve med at dei «sikrar eit godt tilhøve til USA og bevarar NATO sin relevans». 

Det som desse offensive stridsmidla og satsinga på utanlandsoperasjonar bidrar mest til, i tillegg til å slå hælane saman og svara positivt på alle henstillingane frå USA, er å vera med på å tryggja investeringane og interessene til den norske monopolkapitalen, om det no er i Nord-Afrika eller i Kaukasus eller i andre delar av verda. For den norske monopolkapitalen er dei tette militære banda til USA heilt naudsynte og av strategisk tyding for å forsvare eigne imperialistiske interesser. For monopolkapitalen er forsvar av det norske landterritoriet å sjå på som gamaldags og unødvendig, og den same analysa vert sjølvsagt òg brukt av den norske monopolkapitalen sine regjeringar, kva dei no kallar seg.

Aggresjonskrig kontra forsvar

Eit av paradoksa i norsk forsvarspolitisk ordskifte er det sterke fokuset på trugsmålet frå Russland som norske politikarar og styresmakter stadig målber, sett opp mot den militære satsinga som dei same politikarane og styresmaktene går i brodden for. Det investerast storstilt i offensive militære kapasitetar i form av eit relativt lite antal men dess dyrare jagerbombefly og få men store fregattar, samstundes med at  landforsvaret som Heimvernet og  mobiliseringshæren reduserast kraftig og lokale forsvarsanlegg leggjast ned.

Dei offensive stridsmidla som skaffast vil gjera eit eventuelt forsvar av Noreg vanskelegare, då dei vil gje Forsvaret langt mindre operasjonelt spelerom og auka sjansen for sivile tap. Små og relativt avgrensa konfliktar vil, om ein berre har slike stridsmiddel til disposisjon, verta større og alvorlegare. Men so er desse stridsmidla heller ikkje anskaffa til forsvar av Noreg, men til intervensjonar og aggresjonskrig langt frå landet sine grenser.

Argumentasjonen for militærløyvingane nytta av nesten samtlege norske politikarar er forsvar av Noreg og norsk territorium, men røynda er åtakskrig for å ivareta interessene til NATO og norsk imperialisme. Alle delar av norsk militærpolitikk er basert på NATO og utanlandske aggresjonskrigar, medan territorialforsvaret vert redusert til eit nivå som vi aldri tidlegare har sett i moderne norsk soge. 

Det politiske vedtaket som i størst grad ville sikra tryggleiken og det nasjonale sjølvstendet til Noreg ville vera å melda landet ut or NATO. Det tiltaket som i størst grad ville redusera fåra for islamistiske terroråtak i Noreg ville vera å stoppe all deltaking i intervensjonskrigar.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre