20 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Så har det skjedd det som mange lenge har frykta. Nok ein gong er Norge engasjert i ein krig i eit fjerntliggande land, denne gong i Syria. Meldinga kom ikkje som pressemelding frå den norske regjeringa, men som ein kort notis i den arabiske nettavisa AMN (Al Masdar News).

steinar eraker vignettAt norske soldatar nå er inne i Syria for å støtte opprørsgruppa, Free Syrian Army, er ikkje uproblematisk. Reint teknisk er vi i militær konfrontasjon med Syria. Eit suverent land som er medlem av FN.

I mi skuletid kalla vi det krig når nokon blei utsett for bomber og kuler. Men nå må vi vist lære oss nye ord for å forstå kva norske soldatar driv med i eit fjernt land. For eitt ord unngår våre styresmakter konsekvent å bruke, det er ordet «krig».

Lærdomar

Vi har tydelegvis ingenting lært av våre militære fiaskoar i Afghanistan og Libya. At Syria frå før er øydelagt av krig og konflikt endrar ikkje dette faktum.

Som sagt så blir ikkje ordet «krig» brukt. Dermed har dei laga eit skilje mellom det syriske regimet som blir framstilt som «irrasjonelt» og «usiviliserte», i motsetning til oss som framstår som «rasjonelle» og «siviliserte». Og vips så har styresmaktene tåkelagt overfor opinionen kva vi er med på. Og det kan vi nok trenge, for Syria har bedt både norske og amerikanske soldatar dra dit peparen gror. 

At den norske nasjonen er flinkast i NATO-klassa er ikkje noko nytt. I heile etterkrigstida har vi vore i seng med USA. Vår militærpolitikk har langt på vei vore styrt av Pentagon. Vi er osten i musefella som er sett ut for å fange Russland.

Krig for fridom eller eigeninteresse?

Vårt NATO-medlemskap har ført oss inn i fleire militære eventyr i fjerne land. USA er førebilete for vår politikk. Og når dei fører krig er det for demokrati og menneskerettar. Det er i alle fall det vi likar å tru. 

Men går vi myten nærare etter i saumane finn vi fort ut at amerikansk historie langt frå er lystig lesing om verda sitt friaste land. Det er først og fremst historia om rå imperialisme og blodige krigar i alle verdshjørna. Vietnam, Korea, Afghanistan og Midt Austen.

Sanksjonane mot Irak på 1990-talet kosta 1,2 millionar born livet i følgje UNICEF. Dette var amerikansk handverk. Talet er det same blei offer for Raude Khmer i Kambodsja på 1970 talet. Det blei kalla folkemord av verdssamfunnet.

Det er overraskande at det ikkje er større opposisjon mot vårt siste nye krigseventyr. Det offisielle Norge framstår som meir positive enn ein femstjerners NATO general. Ingen politikkar har vore ute å hevda at NATO kunne ha baktankar med sitt engasjement i Syria.

Og vi ventar på det, «humanitær bombing». Eit nytt ord som kan utvide vokabularet i politikken sitt møte med media.

Og medan vi ventar kan vi undre oss over at folk ikkje står opp og seier nei til at norske soldatar nå krigar i Syria i strid med folkeretten. Er vi likevel ikkje den fredsnasjonen som vi likar å framstille oss som?

Steinar Eraker er leiar i Stopp NATO. Innlegget har stått på prent i fleire aviser. 

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre