European Defence Day CC BY-SA EDA | flickrEuropean Defence Day.  Foto: EDA/flickr  CC BY-SA

Noreg har meldt seg inn i ei rad av EU sine ulike militære og tryggingspolitiske samarbeidsprosjekt.

Noreg tek del i nesten alle delar av EU sine ulike militær- og beredskapsprosjekt, samt i EU sitt byrå for forsvar og tryggleik, utan å vera medlem av EU. Forsvars- og utanrikspolitikk er heller ikkje del av EØS-avtala. I EU-traktaten sto det opphaveleg at «nasjonal sikkerhet er et nasjonalt anliggende», men dette er noko som EU i fleire år tydeleg har gått vekk frå, og har no ei målsetting om «kollektiv beskyttelse». EU går no i retning av stadig tettare militært samarbeid, planlegg å nytta 800 milliardar euro til militær opprustning dei komande åra, og har som målsetting å styrka seg som sokalla «tryggingspolitisk» aktør, altso for slik òg militært kunne hevda seg som imperialistmakt.

Finansiell og operativ deltaking

Noreg har meldt seg inn i ei rad av EU sine ulike militære og tryggingspolitiske samarbeidsprosjekt. Dette har skjedd under alle dei skiftande regjeringane sidan tidleg på 2000-talet. Den viktigaste av desse avtalene, om strategisk partnarskap og tryggleik, vart inngått mellom Noreg og EU i 2024. Dei ulike samarbeidsavtalene omfattar alle tradisjonelle militære og tryggingspolitiske domene, frå materiellanskaffing via grenseforsvar til digitale trugsmål, felles satelittprogram og delvis den maritime operasjonen ASPIDES i Raudehavet. Den viktigaste av desse avtalene militært sett er PESCO, som er eit europeisk forsvarssamarbeid som skal sikra militær mobilitet mellom dei ulike landa, og som Noreg deltek i delar av.

Noreg deltek òg i høgaste grad finansielt og operativt i EU sitt treningsprogram for ukrainske soldatar (EPF), og i programma for felles anskaffing av ammunisjon (ASAP) og felles utvikling av forsvarskapasitet (EDIRPA). Noreg vart òg invitert av EU til å ta del i EDIP, «European Defence Industry Programme», noko som Støre-regjeringa sjølvsagt var særs viljug til! For dette skal Noreg etter kva som er rapportert betala 474 millionar kroner berre i perioden 2026–2028. EU skal oppretta eit nytt konkurranseevnefond på 410 milliardar euro for forsvarsindustrielt samarbeid kor Noreg og er invitert til å delta. Dette vil og kosta oss dyrt, med ein forventa prislapp på eit høgt tosifra antal milliardar kroner.

Militær-politisk integrering

EU sin forsvarskommissær, Andrius Kubilius, har teke til orde for og formelt utvida det militære samarbeidet til å omfatta land utanfor unionen, som Storbritannia, Noreg og Ukraina. Ukraina vert av EU kalla «Europas fyrste forsvarsline», og integrerast allereie i unionen sitt planverk. Når det gjeld Noreg så er det i tillegg til økonomiske ressursar plasseringa i høve nordområda og Arktis som synast særskilt interessant for EU.

Dei ulike militære samarbeidsprosjekta i EU-regi inngår tydeleg i unionen sitt politiske integreringsprosjekt. Det er særleg USA sine prioriteringar under Trump-administrasjonen, Russland og krigen i Ukraina som det visast til for å grunngje EU si militære opprustning. Det er nett dei same grunnane som norske EU-tilhengarar no nyttar for å presse Noreg inn i unionen snarast råd. Toneangivande norske politikarar tek høglytt til orde for at «vi trenger både EU og NATO for å ivareta vår sikkerhet».

Frykt som verkemiddel

Frykt har synt seg vera eit effektivt politisk verkemiddel, jfr Sverike og Finland si hastige innmelding i NATO. I denne samanhengen vert det viktig fylgja med på og kjempa mot EU og norske EU-tilhengarar sin fryktpropaganda, og visa til kva konsekvensar dette kan få for norsk forsvars- og utanrikspolitikk. Ikkje minst vert det interessant fylgja med på kva standpunkt dei erklærte nei til EU-partia SV og Raudt fell ned på her. Båe desse partia har med krigen i Ukraina som påskot totalt endra forsvarspolitikken dei tidlegare har stått for. Dette ved høvesvis å fjerna og kraftig tona ned NATO-motstanden sin, og i båe sitt tilfelle gå inn for full konsensus i militærpolitikken når det gjeld forsvarsforliket inngått i Stortinget. Vil SV og Raudt slik òg gå inn for full militærpolitisk konsensus når det gjeld mogeleg norsk integrasjon i EU sitt militære planverk?

Dette er ein artikkel frå Revolusjon nr. 69, hausten 2026.



Kontakt og informasjon

Ansvarlig utgiver er KPML Media
© Der hvor ikke annet er angitt, kan innholdet på våre sider republiseres etter denne lisensen CC BY-NC-SA 4.0

For abonnement på tidsskriftet, skriv til abonnement@revolusjon.no | For redaksjonelle henvendelser | Andre henvendelser: revolusjon@revolusjon.no

 

Kommunistisk plattform KPML

kpml150Revolusjon er talerør for Kommunistisk plattform – marxist-leninistene (KPML).

Signerte artikler står for forfatterens regning og representerer ikke nødvendigvis organisasjonen sitt syn.