19 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Kommunistane som vart fengsla i september 2006 under fascistgeneralenes operasjon «Gaye» mot det marxist-leninistiske partiet MLKP, vil verta tatt til retten 26. oktober 2007.

Mellom dei arresterte er redaktøren av partiavisa Atilim, Ibrahim Cicek, som Revolusjon skreiv i september 2006.

«Under rettssaka i Istanbul vil dei 23 kommunistane fordøme fascistdiktaturet, og dei vil vende rettssaka slik at dei som er tiltala vil verta anklagarane. I rettssalen er det to ideologiar, to klassar, som står mot kvarandre», skriv MLKP mellom anna i ei uttale der dei og manar til solidaritet og protestmeldingar til dei tyrkiske styresmaktene.

Framlegg til solidaritetsbrev fylgjer nedanfor.

Send støttefråsegn!

Med bakgrunn i at 23 kommunistar som har vorte fengsla etter ein operasjon som blei satt i verk mot partiet vårt oppmodar me revolusjonære og kommunistiske krefter til å syna solidaritet med desse kommunistane som ynskjer frikjenning. Du kan syna din stønad ved å skriva under på fråsegna gjengitt her.

Me ber dykk senda ein kopi av fråsegna signert (på engelsk eller tyrkisk) til ein av adressene dykk kan finna nedanfor:

Internasjonalt Byrå
MLKP - Tyrkia/Nordre Kurdistan

President of the Republic: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Prime Minister Tayyip Erdoðan: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.,
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Minister of Justice Mehmet Ali Sahin: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
President of the human rights commission Prof. Dr. Hasan T. Fendoglu:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Send gjerne ein kopi av fråsegnet til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Kommunistar tek den tyrkiske fascismen til retten

Kommunistane som blei fengsla i september 2006 under ein internasjonal operasjon mot MLKP som blei kalt “Gaye” vil verta tatt til retten 26. oktober 2007.

Kven tek kven til retten?

Kommunistane blir funne skuldige av di dei kjemper for ei betre verd utan klasser eller utbytting, for ei framtid i fridom og eit lukkelig og verdig liv. Dei er aktørar i ein historisk marsj i Tyrkia og Nordre Kurdistan. Dei byggjer historia.

Dei kjem frå Kurdistan, dei forsvarer rettene til den kurdiske nasjonen om å byggja ein stat og for like retter for alle nasjonar. Dei kjem frå dei fattige distrikta og er eit uttrykk for den antifascistsike krigen til arbeidarane. Dei har kome frå skulene og ber med seg energien til ungdomen. Dei kjem frå fabrikkane, arbeidsplassane, arbeidsstadene og distrikta, frå fagforeningar, frå streikene og motstanden åt arbeiderklassen. Dei har reist den sosiale frigjeringskampen. Dei kjem frå dødsfastene og motstanden i fengsla og tortursentra. Dei syner motet åt dei som reiser seg stolte for revolusjon og sosialisme. Dei kjem frå barrikadane, opprøra, okkupasjonane frå midt i det sosiale livet og den sosiale motstanden. Dei kjem frå høgden av kampen åt arbeidarane, kvinner, ungdom og alle undertrykte.

Det er difor dei må tola angrepa frå det tyrkiske, fascistsike og koloniale diktaturet. Difor vert dei kasta i fengsel og dømt av deira domstolar. Dei vert dømt av di dei er representantenefor og æren og framtida til det tyrkiske, kurdiske, laziske, arabiske og armenske folket.

Uansett, det koloniale fascistregimet og freistnadene deira på å dølja sanninga vil ikkje vera nok til å fordøma kommunistane i historien eller hjartet til folkene. Det siste ordet vert alltid sagt av dei som kjemper og gjer motstand!

Det er det kolonialistiske, fascistiske dikaturet og det rådande kapitalistiske, utbyttande og barbariske systemet som er skuldige og må takast til retten. Deira domare og og fasadedomstolar kan ikkje døma kommunistane.

Fascismen og dei reaksjonære herskande klassane er dei skuldige av di dei har fordømt folkene i Tyrkia og nordre Kurdistan til elende og fattigdom. Dei er skuldige av di dei har annektert og okkupert Kurdistan. Dei har utan nåde drive ein skitten kolonial krig og drive unge menn frå folkene i landet til dauden for deira skitne mål. Dei er skuldige av di dei har forgifta folkene i landet med sjåvinisme og rasisme. Dei har jevna husa deira med jorda, øydelagt framtida deira, naturen og miljøet. Dei er skuldige av di dei har drukna krava til arbeiderklassen og dei undertrykte om fridom, likskap og rettferd i blod og har slakta ned dei tapre revolusjonære menna og kvinnene av folket.

Så kommunistane stiller dei til rekning for alt dette. På bakgrunn av dei har hatt rett i den historiske og sosiale kampen og deira legitime handlinger vil dei gjera eit verkeleg rekneskap i namnet til proletariatet og dei undertrykte. Dei herskande kreftene kan fengsla kommunistane men dei kan ikkje øydeleggja dei kommunistiske ideala eller kampane dei kjemper. Dei kan heller ikkje stogga marsjen deira mot full fridom og dei kan ikkje drepa håpet!

I dag er kommunistane målmedvitne om å halda fram marsjen. Dei er håpet til arbeiderklassen og alle undertrykte. Dette håpet kan ikkje øydeleggjast og marsjen mot fridom kan ikkje stoggast. Dette håpet vil verta ein siger langs vegen og håpet etter oktoberrevolusjonen

Dei som de ynskjer å døma 26. oktober vil i røynda døma dei. I denne historiske augneblinken vil kommunistane forsvara og foreina deira kamp i fascistanes rettsal. På gatane vil dei fordøma det koloniale, fascistiske diktaturet.

Me stør våre kamerater og vener frå Tyrkia og nordre Kurdistan i denne store kampen for å forsvara revolusjonen og sosialismen! Me syner med dette vår internasjonale solidaritet ovanfor dei.

Lenge leve den proletarisk internasjonalismen!

Lenge leve vår kamp for revolusjon og sosialisme!


Teksten er omsett av det antiimperialistiske tidsskriftet Frontlinjer, og heile artikkelen kan lesast på frontlinjer.no .

Originalartikkelen og anna stoff på engelsk og andre språk finnes på heimesida til MLKP.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre