20 mai 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

skuddhull glass

Oslo vart råka av eit nytt fascistisk terroråtak fredag kveld, no av tilsynelatande jihadistisk type.

Etterforskninga vil truleg bringe klarheit kring motiva. Denne gongen synast det som om det var Pride-feiringa som var målet.

To vart drepne og 21 vart skadde i terroråtaket, før gjerningsmannen etter kort tid vart overmanna av sivile tilskodarar og politi. Til liks med det rasistiske angrepet på Al Noor-moskeen i Bærum i 2019, var også denne gjerningsmannen på «radaren» til PST, utan at det hindra udåden.

Homofobi og hat mot kvinner og ulike minoritetar er noko av det som bind nazistar og jihadistar saman

Homofobi og hat mot kvinner og ulike minoritetar er noko av det som bind nazistar og jihadistar saman, og som dei har til felles. I tillegg til all liding og frykt som dette terroråtaket medførar hjå skeive spesielt og folkesetnaden generelt, så vil åtaket kunne få andre negative samfunnsmessige konsekvensar. Åtaket kan føra til aukande rasisme og verta nytta til freistnad på å skapa etniske og religiøse motsetnadar i samfunnet. Dette til tross for at dørvakta som fikk gjestene på utestaden i tryggleik og truleg redda liv, har sine røter i same land som gjerningsmannen.

Dinest vil terroråtaket ganske sikkert gje styresmaktene påskot til ytterlegare personkontroll- og masseovervakningstiltak. Slike repressive statlege tiltak vil ha som funksjon å legge demper på det offentlege politiske ordskiftet, og registrera alle og alt av personleg og offentleg kommunikasjon.

Dette medan den same staten gjennom fleire tiår har bygd ned det psykiske helsevernet, som har synt seg vera ein særs relevant faktor ved samtlege av massedrapa og terroråtaka her i landet. Samstundes med dette har stadig fleire folk falle utanfor «det norske fellesskapet» ved mangel på jobb, sosiale tilbod og høve til vanleg samfunnsmessig deltaking.

Om gjerningsmannen er psykisk sjuk eller ikkje, endrar ikkje ved at slike voldshandlingar som regel har opphav i ideologier og tankegods som dyrker hat og vold mot ulike minoritetar grunna i «rase», «religion», «kulturkrig» eller anna. Så lenge slike miljø får organisera seg og propagandera fritt, vil vi diverre få sjå fleire terrorhandlinger utløyst av «inspirasjon» frå slike miljø og slikt tankegods.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre