19 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

AWACS overvakingsfly er heilt sentrale i NATO-operasjonar mot framande land.Forsvar av landet og vern av sivile er heilt underordna for den herskande eliten. Han vil heller føra krig utomlands.

Valkampen har òg ført med seg eit ordskifte om forsvars- og militærpolitikk. Men som ved alle norske valkampar er dette i hovudsak eit ordskifte om lokalisering og distriktspolitikk, og om kven som gjekk inn for ulike nedskjæringar når, og ikkje om militærpolitiske prioriteringar og alliansetilknytning.

Senterpartiet, som gjennom siste fireårsperioden har markert seg som det tydelegaste opposisjonspartiet på Stortinget, kom i forkant av valet opp med ein del framlegg til visse militærpolitiske omprioriteringar. Dette går på kritikk av den planlagte reduksjonen av Heimevernet (HV) frå om lag 45 000 til 38 000 soldatar, nedlegginga av Sjøheimevernet (SHV), flytting av Luftforsvaret sine Bell-helikopter frå Nord-Noreg til Rygge i Østfold og nedlegginga av flybasen på Andøya.

Rørande semje kring NATO

P8 Poseidon og P3 Orion overvakingsfly. Foto frå US Navy.P8 Poseidon og P3 Orion overvakingsfly. Foto frå US Navy.Alle partia som er representerte på Stortinget, med unnatak for Sosialistisk Venstreparti (SV) når dei ikkje er inne i regjeringskontora, er likevel rørande samde om NATO-medlemskapen og hovudlinene i norsk forsvars- og militærpolitikk. Alle dei ulike regjeringsalternativa etter valet vil vidareføra NATO-medlemskapen og tett oppfølging av EU sine ulike militærpolitiske initiativ. Dette tyder samstundes norsk støtte til og militær deltaking i NATO og Vesten sine ulike imperialistiske intervensjonar og røvarkrigar i land som Syria, Afghanistan og Irak. Vidare tyder dette framhald av den militærpolitiske lina som Noreg som lydig NATO-medlem følger, med tung satsing på anskaffing av offensive og særs dyre våpensystem: F-35 jagerflya og nye Boeing Poseidon overvakingsfly som skal kjøpast frå USA og nye ubåtar som skal kjøpast frå Tyskland.

Avslørande rapportar

Samstundes med dette ordskiftet i forkant av stortingsvalet, har ymse hemmelegstempla og graderte forskningsrapportar om stoda i norsk militær og sivil beredskap vorte lekka til pressa.

Den militært mest avslørande av desse er «Forsvarssjefens resultat- og kontrollrapport for 2016». I denne rapporten, gjengitt i utdrag i m.a. Klassekampen, framgår det at «deler av Forsvaret er tynt bemannet og har lav utholdenhet» og derfor «vil bryte sammen etter kort tid i en krise eller krig».

Spesialstyrkene er den einaste delen av Forsvaret som får karakteren «god» i Forsvarssjefens resultat- og kontrollrapport for 2016.

Vidare går rapporten gjennom beredskapen i dei ulike våpengreinene, og konkluderar med at beredskapen i Hæren, Luftforsvaret, Heimvernet, Cyberforsvaret, Forsvarets sanitet og Forsvarets logistikkorganisasjon er «ikke tilfredsstillende». Forsvarets samla operative evne vurderast ifølge rapporten til å vera «mindre god», på grensa til «ikke tilfredsstillende». Forsvarets spesialstyrker (Forsvarets spesialkommando og Marinejegerkommandoen) er den einaste delen av Forsvaret som får karakteren «god» i vurderinga. I denne samanhengen er det verdt å merke seg at dette er ein styrke som samla utgjer under 200 soldatar, og som er den delen av det norske militærvesenet som er satt inn i dei ulike militæroperasjonane i Afghanistan, Irak og Syria. Rapporten syner soleis at dette militære ekspedisjonskorpset er den einaste avdelinga som styresmaktene verkeleg har satsa på, og som har fått tildelt ressursar på kostnad av tradisjonelle forsvarstiltak til vern av det norske folket. Forsvarets spesialstyrker er vidare planlagt nytta som ein innsatsstyrke og ekstra ressurs for politiet ved terroråtak i Noreg, men grunna at dei stadig er på krigsfot langt vekke frå landets eigne grenser er denne rolla illusorisk og spelar berre ei rolle som del av styresmaktene sitt glansbilete av eigne tryggingstiltak til vern av innbyggjarane. Forsvarets spesialstyrker si responstid ved terroråtak på norsk land- eller sjøterritorium er no på 24 timar (!), men i røynda er denne responstida på 5 –7 dagar då størstedelen av denne styrken til einkvar tid er i utlandet.

Kritisk for Heimevernet

Noko som har fått ekstra merksemd i denne rapporten og i det militærpolitiske ordskiftet i forkant av valet, er stoda i Hæren og i Heimevernet (HV), som vert vurdert som kritisk. Dette kjem i hovudsak av eit stort vedlikehaldsetterslep på køyrety og våpensystem, og på manglande lager av ammunisjon til dei fleste av våpna til Sjøforsvaret, Hæren og Heimevernet. I ein stridssituasjon har det norske forsvaret ammunisjon til å sloss i 1–2 dagar. 

Særleg framtidig organisering og struktur i Heimevernet er tydelegvis eit vanskeleg og noko betent tema for regjeringa, og den lenge bebuda Landmaktutredninga, om framtidig utvikling av og volum på Hæren og HV, er vedteke framlagt etter Stortingsvalet. 

Som ein kuriositet kan òg nemnast at det er open usemje mellom regjeringa ved Forsvarsdepartementet (FD) og fagetaten ved Heimevernet sin sentrale stab, om kor mange soldatar som faktisk no er innrullert i HV.

Ein annan hemmelegstempla rapport som har vorte lekka til media, og delvis gjengitt i Verdens Gang (VG), er ein rapport utarbeida av Forsvarets Forskningsinstitutt (FFI) om stoda i den sivile beredskapen, og samfunnet sitt behov for sivile tryggingstiltak. Dette ansvaret ligg på Justis- og beredskapsdepartementet (JD), ved dette sine underliggjande etatar Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og Sivilforsvaret. 

Sivil vernebuing nedprioritert

Sivilforsvaret er i fredstid ein statleg forsterkningsressurs for dei ulike naud- og beredskapsetatane ved større ulykker, naturkatastrofar som t.d. større ras, jordskjelv, flaum og miljøøydeleggjingar som oljesøl langs kysten. I krigstid skal Sivilforsvaret verna sivilbefolkninga mot skader forårsaka av krigshandlingar og større hendingar.

Ved ulike sivile og militære kriser skal Sivilforsvaret stå for varsling, informasjon og evakuering. Varslinga skjer via sirener, sokalla tyfonvarsling, men det har lenge vore jobba med å få denne varslinga over på naudnettet og ved å ta i bruk varsling via sms. Dette arbeidet er langt frå sluttført, i hovudsak grunna manglande løyvingar frå sentrale styresmakter. 

Sivilforsvaret har òg ansvar for drift og vedlikehald av tilfluktsrom, for slik å verna befolkninga. I dag er det plass til under halve befolkninga i dei ulike private og offentlege tilfluktsromma som finnast. Det finnast no heller ingen beredskap for å klargjera, bemanna eller drifta desse tilfluktsromma. Vidare finst det ikkje noko oppdatert planverk for evakuering av sivilbefolkninga i krig eller ved trugsmål om krig.

I FFI-rapporten visast det soleis til store manglar ved både varslingsrutinar, evakueringsrutinar og tryggingstiltak for sivilbefolkninga innanfor Justisdepartementet sitt ansvarsområde. 

I Forsvarssjefen sin rapport visast det til store manglar ved den militære beredskapen som gjeld moglegheita for forsvar av det nasjonale sjølvstendet og for forsvaret av folket i Noreg.

Forsvaret av eige folk og eigne ressursar vert nedprioritert til føremon for deltaking i ulike NATO-operasjonar og krigføring i andre land. Dette er eit stort paradoks når ein ser på retorikken og skræmebiletet som norske styresmakter nyttar i høve til Russland, og den påstått endra tryggingspolitiske stoda som Noreg og Europa skal befinna seg i.

Artikkel frå Revolusjon nr. 51 hausten 2017.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre