19 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

US Navy 060416 N USS Abraham LincolnHangarskipet USS Abraham Lincoln. Foto: US Navy

Faren for storkrig i Midtausten er større enn nokon gong sidan USA angreip Irak i 2003. Og konsekvensane av ein krig vil vere mykje større og dyster enn for 16 år sidan.

Denne gongen er det Iran som er målet. Landet har 82 millionar innbyggarar mot Irak sine 38 millionar. Og dei har ei langt større og meir slagkraftig militærmakt. Dette er sjølvsagt inn i reknestykket når krigshaukane no planlegg eit militært åtak.

Målet for USA i Iran er sjølvsagt å fjerne det sittande regimet og ikkje minst få kontroll over dei enorme oljeressursane som Iran har. Ikkje for USA si eigen del, men for å kunne skru att oljekrana til imperialistiske rivalar som Kina. USA har laga planar for å sende 120 000 soldatar til denne regionen som ei førebuing til ein krig for å kunne sette sine politiske mål ut i livet. I lys av folkeretten er dette ei kriminell handling som trugar liv og eksistens til fleire millionar menneske.

USA har sendt ei gruppe med hangarskip med USS Abraham Lincoln i spissen til området. Dei har også klargjort ei gruppe med B-52 bombefly for oppdrag mot Iran. Desse er som kjent skreddarsydde for å kunne frakte atomvåpen. Saman med kryssaren USS Arlington er dette ein skremmande og mektig angrepsstyrke.

Provokasjonar kan leia til krig

I den siste tida har vi sett mange provokasjonar som kan knyttast opp mot konflikten. Desse kan fort ende i eit fullskala angrep på Iran. Skulda for dette bør sjølvsagt bli lagt på USA som med si enorme styrkeoppbygging har gjort området ved Persia-bukta til ein enorm militærleir. Iran er i praksis omringa.

Militære tiltak mot Iran kjem på toppen av den økonomiske blokaden som landet er utsett for. Dette er den amerikanske imperialismen sitt forsøk på å legge ei løkke rundt Iran sin hals.. Formålet er sjølvsagt å redusere landet sin handel med olje til nærast null og stenge handel med andre varer. Prisen for desse tiltaka må det iranske folket betale og resultatet er ein galopperande inflasjon, arbeidsløyse og fattigdom.

Natt til 21. juni var verda ein hårsbreidd frå ein storkrig. Denne gong blei angrepet avblåst etter at bombeflya var på vengene. Men kva vil kunne skje neste gong?

USA fører stadig nye styrkar til Midtausten og at dei prøver å skaffe seg politisk konsensus for ein militær konfrontasjon med Iran. Dei har allereie fått støtte frå Storbritannia. Også norske styresmakter er blitt spurt om å delta i ein marinestyrke i Persiabukta. Forsvarsministeren har uttala at han ikkje er framand for å delta i ein «mekanisme for å skape sikkerhet i Persiabukta».

Med reine ord tyder det å delta i ein krigsoperasjon under amerikansk eller britisk leiing. Det er grunn til å tru at NATO vil kunne bli trekt inn i konflikten og brukt som ein amerikansk joker. USA legg òg sterkt press på allierte utafor NATO-alliansen for å få dei til å slutte seg til blokaden av Iran.

Japan og andre land er truga med amerikanske sanksjonar dersom dei held fram med å kjøpe iransk olje. Så må vi nemne Russland og Kina. Desse landa har sjølvsagt ingen planar om å kutte samarbeidet med Iran. For Kina er den iranske oljen svært viktig. På toppen av det heile kjem den NATO-medlemen som blir sett på som upåliteleg, Tyrkia.

Det vi ser er ein kamp mellom imperialistmaktane om råstoff og marknader i denne regionen. For USA betyr det at det blir viktig å destabilisere det iranske regimet og få kontroll med dei enorme oljeressursane. Men eit militært angrep på Iran er ikkje heilt uproblematisk for USA. Deira allierte i regionen er ikkje like pålitelege som før.

Andre moment

Det er òg andre ting som spelar inn når USA skal vurdere ein krig mot Iran: Tvinge Iran til å kutte støtta til regimet i Syria, Hamas og Hizbollah i Libanon. Då står vi igjen med ein agenda der Israel har fått friare tøylar. Så kan vi berre spekulere kva konsekvensar det får for det allereie hardt prøva palestinske folket.

USA vil sjølvsagt blokkere leveransen av olje til Kina som dei ligg i handelskrig med, samt blokkere den nye silkevegen frå Kina til Vesten. Det blir lagt press på EU for å få dei til å følgje USA si line i atomavtala med Iran. Og så vil eit iransk cyberangrep kunne føre til at artikkel fem i NATO-pakta kan bli brukt og dermed trekke alliansen inn i ein fullskala krig i Midtausten.

Det kan vere sluttspelet om Iran vi nå ser. USA føler og leitar etter påskot for eit militært angrep.

Vi har allereie sett at provokasjonar mot tankskip i Persiabukta blir linka til Iran. Men vi må òg hugse at Storbritannia har arrestert iranske tankskip, eit av dei i Gibraltar, ved innløpet til Middelhavet.

Og Iran har skote ned ei amerikansk drone i det dei seier er deira luftrom. Det er ikkje er lagt fram fnugg av bevis for at Iran står bak noko ulovleg. Men det spelar sannsynlegvis liten rolle dersom folk er villige til å svelgje påskota som årsak til at Vesten må gå til krig.

Vi har krigen mot Irak i friskt minne. Då spela påstanden om irakiske våpen for masseøydelegging den same rolla. I ettertid har det kome fram at det var rein løgn produsert av Pentagon og berekna for den vestlege opinionen. Dette må sjølvsagt ikkje få lov å skje igjen. FN burde fordømme USA i sterke ordlag. Det same burde ei oppegåande norsk regjering ha gjort. Men det blir nok som å tru på julenissen.

Iran har respondert på at USA har heva avtala om kjernekraftprogrammet ved å auke framstillinga av uran til eit høgare nivå enn fastsett i avtala. Det er likevel ikkje nok til å kunne til å produsere atomvåpen slik USA og Israel hevdar (kjelde: Adresseavisa 27/6-19). Men USA kan bruke den auka utvinninga av uran som påskot for krig.

Kva blir så konsekvensane av ein krig mot Iran? Kan vi dra nokre lærdomar frå USA sin krig mot Irak i 2003? Så langt har Irak-krigen kosta livet til hundretals tusen sivile, truleg over ein million menneske. I tillegg er 4500 amerikanske soldatar blitt drepne og meir enn 30 000 er såra.

Så kan ein berre førestille seg kva som vil skje i ein kommande krig med Iran der dagens våpen og teknologi er i front. Eit anna moment er at ein krig mot Iran vil kunne trekke inn heile regionen mellom anna militært sterke makter som Israel og Saudi-Arabia. Og i bakgrunnen skimtar vi  stormaktene Kina og Russland. Imperialismen ligg bak og trekk i trådane.

Er det tilfeldig at konflikten og trugsmåla mot Iran og Venezuela kjem samstundes? Iran sit på dei nest største oljeressursane i Midtausten og Venezuela har dei største påviste reservane i verda. Får USA kontroll over denne livsviktige energisektoren vil dei kunne kutte leveransen til sine handelsrivalar. For Kina vil det vere alvorleg, men også Russland og Europa vil komme til å lide.

Krigspropagandaen mot Iran er meir aggressiv enn vi har sett i tidlegare konfliktar. I USA sluttar både republikanar og demokratar opp om den offisielle politikken.

USA har heller ikkje gjort noko for å bringe dei såkalla iranske «provokasjonane» inn for FN, slik dei gjorde føre krigen mot Irak i 2003 – då med falske «prov». Heller ikkje er det lagt fram noko tåketale om menneskerettane i Iran.

Korleis kan vi hindre krig?

Vi har dei siste åra ein tendens til auka kamp mellom dei framstormande maktene, Kina, Russland og USA.

Konflikten i Persia-bukta er ein del av dette biletet. Samstundes er NATO ei viktig brikke for USA både her og andre stadar. Og Norge er eit veldig lojalt NATO-medlem. 21. juni i 2019 skreiv Norge under ein avtale om samarbeid om overvaking av rakettar. Dronar vil kunne navigere fordi dei kan bruke to sivile norske satellittar. Dette hadde dei ikkje tilgang til tidlegare. No kan dei operere heilt opp mot russisk område i Barentshavet og dermed er Norge plutseleg trekt nærare til ein stormaktskonfrontasjon.. Alt dette vil få stor innverknad dersom NATO blir trekt inn i ein krig i Persia-bukta. Og det kan sjølvsagt skje etter eit artikkel 5-vedtak slik som er peika på tidlegare.

På verdsplan ser vi at ting spissar seg til, fleire krigar og handelskrig mellom Kina/Russland og USA. Trump sin «America First»-politikk har sjølvsagt vore ein pådrivar i denne utviklinga.

Støtt får vi fortalt om igjen og om igjen at NATO er ein garantist for vår fridom. Men kva er essensen i ein slik påstand?

NATO ber medlemslanda ruste opp. Vi må møte Russland, heiter det. Men det styrker ikkje freden ved å omgje seg med store mengder våpen. Det betyr støtte til tap av menneskeliv i dei landa som blir råka av ein sterk NATO-allianse.

Skal vi kunne ha noko håp om å kunne stoppe krig og opprusting, så må vi seie eit kontant nei til våre eigne krigshissarar og våre eigne styresmakter og vi må avvise dei imperialistiske blokkene, NATO og EU. Vi må stå solidariske med dei landa som blir utpeika som våre fiendar og ikkje sjå krig som eit middel til konfliktløysing.

NATO gjer seg alltid klar til nye krigar. Det norske oljefondet er tungt inne i våpenindustrien (sjå t.d. denne rapporten). NATO er garanti for ei stadig auka militarisering av samfunnet, og dermed stadig fleire skattekroner til militære formål.

Det betyr at vårt medlemskap i NATO må opp på dagsorden til fredsrørsla dersom denne rørsla skal kunne sette søkelyset på årsakene til krig og endre tinga sin tilstand. NATO må bli avslørt for det som den verkeleg er, ein krigsallianse.

Difor må parolen NORGE UT AV NATO opp på dagsorden. Utan det er eg redd for at vi ikkje vil klare vår viktige oppgåve. Ei verd utan krig.

Lettare redigert innleiing på Rød sommerleir 4. august 2019.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre