soldat pixabay

Eit NRK i krigsmodus set presseetiske reglar til sides.

– Linnea (18) seier nei til å forsvare landet sittskriv NRK.no i eit oppslag om jenta frå Ålesund som møtte fram til sesjon i Rauma. Ho ville ikkje inn i Forsvaret og håpte at ho slapp verneplikta. Noko ho òg gjorde, av medisinske grunnar.

Ingen stader i oppslaget seier Linnea at ho ikkje vil forsvara landet sitt. Dét har journalisten funne på sjølv, eller med påhalden penn frå ein NATO-strigla redaktør. – I ein svært uoversiktleg verdssituasjon har ho (Linnea) tatt eit klart val. Ho nektar å gå i krigen, skriv NRK-journalist Tore Ellingseter. Men dét er noko ganske anna enn at ho ikkje bryr seg om landet sitt, slik NRK meir enn signaliserer i overskrifta.

Det Linnea vil er å utdanna seg til psykolog for å hjelpa folk. Psykologar trengs mellom anna for å avhjelpe krigstraumer.

Vi veit ikkje meir om hennar motiv for å slippe verneplikt enn at ho ikkje vil i krig. Kan hende ho meiner at det norske NATO-forsvaret har lite med forsvar å gjera, og at det i staden er ein maskin for meir krig? Kan hende ho meiner at folket må ta forsvaret av landet i eigne hender, av di USA og NATO har heilt andre mål og ikkje er til å lita på?

Det veit vi ikkje. Og det veit heller ikkje NRK sin journalist. I alle høve skriv han ingenting om det.

Ein annan ungdom, som gjerne vil inn i militæret, vert òg intervjua. Han er svært motivert, «sjølv om det er vondt å sjå at folk blir drepne». – Men vi må hjelpe landet vårt om det trengst, blir han sitert. Den unge guten på sesjon er dimed underforstått eit motstykke til denne Linnea som «seier nei til å forsvare landet sitt», ifylgje NRK.

Dette er ei grov uthenging av ein reflektert ungdom som ikke vil at Noreg trekkes inn i kriger. Linnea seier ingenting om at ho ikkje vil forsvare landet sitt om det blir naudsynt, men ho blir sverta og uthengt av statens fremste propagandakanal.

Pressekorpset og statskanalen opptrer no som reine klakkørar for Forsvarets støtt meir omfangsrike og tendensiøse informasjonsverksemd, der alle som ikkje jublar for NATO og opprustning blir stempla som suspekte samfunnsindivid.

Linnea har krav på ei orsaking frå NRK for den vridde overskrifta og grunnlaus uthenging. Dette brotet på all normal presseetikk burde være ei opplagt sak for Pressens Faglege Utval.

Revolusjon har utkommet i snart 40 år uten et øre i pressestøtte. Bidrag fra våre lesere har gjort dette mulig. Setter du pris på våre analyser og vår journalistikk, vipps et valgfritt beløp til 114 366

Kontakt og informasjon

Ansvarlig utgiver er KPML Media
© Der hvor ikke annet er angitt, kan innholdet på våre sider republiseres etter denne lisensen CC BY-NC-SA 4.0

For abonnement på tidsskriftet, skriv til abonnement@revolusjon.no | For redaksjonelle henvendelser | Andre henvendelser: revolusjon@revolusjon.no

 

Kommunistisk plattform KPML

kpml150Revolusjon er talerør for Kommunistisk plattform – marxist-leninistene (KPML).

Signerte artikler står for forfatterens regning og representerer ikke nødvendigvis organisasjonen sitt syn.