
Vurderingane er ei lojal gjenfortelling av USA sitt verdsbilete.
Fredag 6. februar la Etterretningstjenesten, PST og NSM fram sine trusselvurderingar for 2026. Mykje var gjenkjennbart frå tidlegare år sine trusselvurderingar. Russland, Kina og Iran vert synt til som viktigaste trusslar mot Noreg, medan det landet som har fått mest merksemd når det gjeld åtak på den sidan sokalla etablerte verdsorden, USA, for det meste glimra med sitt fråvær.
Trusselvurderingane teikna eit meire dystert bilete av stoda Noreg står oppe i enn tidlegare år, som «den mest alvorlege sikkerhetspolitiske situasjonen siden 2. verdenskrigen», og at «Norge er i en vedvarende konfrontasjon».
Det er elles noko repetetivt og velkjend når dei ugraderte trusselvurderingane vert lagte fram. Nett at dei som vert framlagte offentleg «for den gemene hop» er ugraderte, gjer at dei er rimeleg ålmenne og mest vert ei oppramsing av mykje (men ikkje alt!) av det som er vondt og vanskeleg i verda. Spionasje (i år òg frå ukrainske flyktningar), terrortrugsmål (mest sansynleg frå ekstreme islamistar og høgreekstreme), sabotasje (Russland, kriminelle ungdomar på oppdrag frå Russland og Iran), cyberåtak (Russland, Kina) og 1400 norske verksemder utsette for dette i 2025, påverknadsoperasjonar (Russland, Kina), men så som ei forlengjing og smule konkretisering av sistnemnde trugsmål; anti-statlege haldningar. Dette dukka opp i trusselvurderingane for eit par år sidan, og vart i år indirekte supplert med eit par setningar om «menneske med knytning til autoritære regimer» og at det er eit mål for det norske samfunnet «å unngå splitting». I dei ugraderte trusselvurderingane, og ikkje minst i dei konkrete vurderingane til spesifikke objekt, som vert overleverte til ulike statlege og private institusjonar og verksemder, så er desse ulike trugsmåla meire konkretisert, og knytt til t.d. innvandring, energi- og straumspørsmål, antikrigs/fredsagitasjon, vindkraftmotstand, reinbeiteinteresser, EU/EØS, Israel/Palestina. Det vil seie alle slike spørsmål som politisk opposisjonelle og progressive personar, organisasjonar og parti nyttar tida si på.
USA ikkje nemnt som trugsmål i dei tre trusselvurderingane
Det vart òg frå norske media i etterkant av framlegginga stilt spørsmål til dei ulike tenestene, og naturleg då mest til E-tenesta, om kvifor ikkje USA vart nærmare gått inn på og nemnt i trusselvurderingane. Svara på dette var som forventa rimeleg ålmenne og overflatiske, og på direkte spørsmål vart det sagt at «dette er ei norsk trusselvurdering ikkje t.d. ei dansk.» I staden for USA fekk derimot Kina omfattande merksemd i alle dei tre trusselvurderingane. Dette gjaldt òg Kina som trugsmål mot norske interesser i nordområda og særskilt på Svalbard. Og at «Kina ønsker en annen verdensorden i mindre grad basert på internasjonal lov og rett.» Det faktum at det landet som i størst grad gjennom det siste året har gått inn for å endra den internasjonale verdsordenen, USA, ikkje vert vist til, er noko av eit paradoks. Einaste element av kritikk av USA, om enn ganske så indirekte, var at «den etablerte verdenssituasjonen er i oppløsning», men dette vart òg då synt til som noko som tener interessane til Russland og Kina.
Einskilde media si etterlysning og tilsynelatande overrasking over at USA ikkje vart nemnt som trugsmål, seier mest av alt om same media sine illusjonar og grenselause tillit til norske styresmakter. Desse illusjonane synar seg ved at det utan vidare vert teke som utgangspunkt at trusselvurderingane som framleggast er objektive og fagleg begrunna analyser. I ei «ideell verd» så ville slike vurderingar kun vore informative, etterrettelege og uavhengige. Slik er stoda korkje i Noreg eller i noko anna land. Det er derimot slik at desse er tungt styrte og påverka av politiske vurderingar og målsettingar, at det ikkje er uavhengige faglege analyser, men politiske bestillingsverk.
Med den norske regjeringa og borgarskapet sine tette økonomiske og politiske band til USA så vert slike analyser prega av nett dette, og trusselvurderingane gjenfortel difor fyrst og framst det amerikanske biletet av verda.

