27 juli 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

krig hypnose

SV og Raudt har no bare ein funksjon: Å mobilisere venstresida til støtte for USA og NATO sine krigar, skriv Svein Lund.

Stortingspartia står no samla om å ruste opp Noreg som del av USA sin kamp for verdsherredømme. Dei kallar det norsk forsvar, men noko slikt finst ikkje. Ikkje er det norsk og ikkje er det forsvar. Noreg er militært totalt underlagt USA, som no også får stadig fleire militærbasar i Noreg. NATO driv ikkje forsvar, for ingen NATO-land har vore angrepe. Hensikten er å oppretthalde USA og EU si makt over resten av verda, samt å halde opposisjonen nede innafor desse landa. Hensikten er å oppretthalde og forsterke ei urettvis verdsordning, der dei søkkrike blir enno meir vanvittig søkkrike, mens det store fleirtalet lever i fattigdom. NATO-landa driv angrep mot land som aldri har truga dei, som Afghanistan, Irak, Libya, Syria. Utan USA i bakhanda ville ikkje det pågaåande folkemordet i Gaza vore mogleg. Utan USA og NATO sine provokasjonar ville det ikkje ha vore krig i Ukraina. USA og NATO ønsker ikkje fred, dei ønsker krig, det er det storkapitalen tener på. Dette systemet ønsker SV og Raudt no å styrke med å bruke enno meir pengar på å ruste opp. Dei har vald side med Vesten mot Resten.

Verda står overfor tre gigantiske kriser, som kvar av dei trugar menneskeheita si framtid på jorda: Klimakrisa, naturkrisa og ressurskrisa. Den militære opprustninga bidrar sterkt til å forsterke alle desse tre krisene, både gjennom uttak av mineral og produksjon av våpen, gjennom å binde opp millionar av folk som kunne gjort nyttig arbeid og gjennom krig som skaper store miljøydeleggingar og klimautslepp. Den internasjonale gruveindustrien argumenterer no ope med at vi må ha meir mineralutvinning for opprustning og krig.

SF/SV var stifta som fredsparti. RV/Raudt som parti for verdas folk mot USA-imperialismen. No har dei begge blitt krigsparti, tenarar for den imperialismen og krigsmakta dei skulle bekjempe. Begge partia har no bare ein funksjon: Å mobilisere venstresida til støtte for USA og NATO sine krigar. Å passivisere og nøytralisere fredsrørsla og miljørørsla som meiner ei anna verd er mogleg. For SV og Raudt er ikkje noko endring lenger mogleg, utan å få fleire stortingstaburettar og plass som tenarar for Stoltenberg og Støre. Det finst ikkje lenger noko politisk grunnlag for å oppretthalde desse partia. Dei gjør i dag meir skade enn nytte. Legg dei ned!

Svein Lund
Tidligare medlem av SF, RV og Raudt.

Innlegget er attgjeve etter samtykke frå forfattaren.

 
Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre