19 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Ei viktig bok i rett tid.

Filosofen Jon Hellesnes har skrive boka NATO-komplekset, ein tittel med minst to tydingar.

nato komplekset

Forfattaren ynskjer å starte ein offentleg debatt om norsk forsvars og tryggingspolitikk. I dag er den stort sett fråverande, samstundes som Russland er utpeika som NATO, og dermed Norge, sin hovudfiende. Det er difor høgst sannsynleg at Norge som frontstat vil bli slagmark i ein eventuell stormaktskonflikt.

Alt dette fekk vi til fulle demonstrert sist haust gjennom den gigantiske militærøvinga Trident Juncture som NATO gjennomførte i Norge og Norden.

Boka er ei samling av ulike tekstar. Enkelte av kapitela er veldig akademiske og nok først og fremst retta inn mot desse miljøa. Det er ikkje noko gale i det. Det som er viktig er at Hellesnes peikar på det faktum at Norge som deltakar i USA/NATO sine krigar gjer oss meir og meir opne for vold og våpenmakt som middel for å løyse konfliktar. Alt dette skjer utan politisk debatt. Norge gjekk som vi veit til militær aksjon mot Libya utan vedtak i Storting eller regjering.

Dette er eit faktum som bør få folk til å stoppe opp og stille kritiske spørsmål. Kva er det vi held på med? Og er det fredelege naboskapet til Russland historie?

Norge som fredsnasjon er i alle høve historie.

Norge som fredsnasjon er i alle høve historie. Verda bit ikkje lenger på den påstanden. Den første generalsekretæren i FN var nordmannen Trygve Lie. Det gav opphav til myten om Norge som fredsnasjon, ein myte som gikk på grunn allereie i 1949 då Norge blei med i krigsalliansen NATO. Idag er det nordmannen Jens Stoltenberg som sitter som generalsekretær i verda si sterkaste og mest offensive militærallianse.

Kva signal sender det ut? Norge er eit lydig og servilt NATO medlem. Ikkje berre opptrer vi underdanig, vi tener òg store pengar på sal av våpen. Mykje går til konfliktområde der norskproduserte våpen blir brukt.

Norge er i ferd med å bli militarisert i større skala enn vi kjenner frå tidlegare. Vi har fått permanente basar for utanlandske soldatar i strid med baseavtala frå 1949. Den slo fast at det ikkje skulle vere utanlandske basar på norsk jord i fredstid.

I dag er US Marines fast stasjonert på Værnes ved Trondheim og i Indre Troms. I tillegg skal Rygge flyplass brukast som base for det amerikanske flyvåpenet i tilfelle konflikt med Russland. Og likevel er det enkelte som fortsatt meinar at vi ikkje er utsett som kjernefysisk bombemål dersom det bryt ut krig. Det er å lure folk. Militariseringa gjer oss ikkje tryggare.

Det er viktige manglar ved boka. Norge som våpenprodusent er lite omtala. I forhold til vårt beskjedne folketal så er Norge faktisk størst målt pr. innbyggar. Det er eit etisk problem. og sjølv om styresmaktane hevdar at vi har strenge reglar så er det ikkje korrekt. Norske våpen går ofte via tredjeland og let seg vanskeleg å spore tilbake til produsent.

Det andre området som manglar i boka er militæret sin rolle sett i samanheng med miljøøydelegging, klimaendringar og økopolitikk. Kvifor er militæret unnateke frå CO2-rekneskapen? For fredsrørsla er dette eit viktig tema.

Hellesnes er sjølv klar over dette. I forordet (side 9) skriv han: «Eg har stor respekt for dette problemområdet, men andre har har betre føresetnader for å gå inn på det». Men skal ein ha ambisjonar om å sette dagsorden for framtidas fredsrørsle, så er dette eit tema ein ikkje kjem utanom.

Boka omtalar (side 22) ein amerikansk informasjonsoffiser som blei intervjua på NRK/TV på 1980-talet under ei NATO-øving. Han la ikkje skjul på kva som låg til grunn for militærøvinga. «Det var det siste nye i NATO strategien. Det dreia seg om det såkalla krigsteatret, kor det burde ligge i tilfelle krig med Sovjetunionen. Målsettinga var å skyve krigsteatret lang unna store NATO land som USA, Storbritannia og Forbundsrepublikken Tyskland. Kort sagt. Krigsteatret skulle ligge her nord. Nærare bestemt hos oss».

Tida er meir enn mogen for å skape ei folkerørsle mot ei slik utvikling. NATO blir stadig meir aggressivt med øvingar tett opp til Russland og krigersk retorikk.

«NATO-komplekset» er derfor eit viktig dokument som set bjølla på katten. Ho bør bli lest og studert av mange innafor fredsrørsla, men òg av folk utafor.

NATO fyller 70 år den 4. april i år. Dette høvet må vi bruke til å reise kravet om at alliansen blir pensjonert.

Jon Hellesnes: NATO-komplekset
Ei bok om militærpolitikk, atomvåpen og norsk USA-servilitet. Samlaget 2019.

 

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre