20 mai 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Stiftelseserklæringa i 1973. Utsnitt frå nettsida ml-historie, eit forvaltningsorgan for AKP si partihistorie.Stiftelseserklæringa i 1973. Utsnitt frå nettsida ml-historie, eit forvaltningsorgan for AKP si partihistorie.

18. februar er det 50 år sidan Arbeidernes kommunistparti AKP (m-l) vart formelt stifta. Dette skjedde ved at dei marxist-leninistiske gruppene MLG, SUF (m-l) og delar av Marxist-leninistisk Front (MLF) gjekk saman til eit nytt parti. I eit par tiår var partiet ei drivande revolusjonær kraft på ei rad område. Dei historiske lærdomane er viktige for kommunistar i dag.

Det nye kommunistiske partiet erklærte at det ville ta opp arven etter den revolusjonære og kommunistiske epoken til NKP, og at det bygde på marxismen-leninismen Mao Tse-tung si tenkjing som ideologi og rettesnor for sitt arbeid. Partistiftinga var inspirert av fleire tilhøve som var framtredande på starten av 1970-talet; som frigjeringskrigane i koloniane,  kulturrevolusjonen i Kina, ungdoms- og studentopprøret i Vest- Europa, kampen mot norsk medlemskap i EEC, det politiske oppgjeret med kontrarevolusjonen i Sovjetunionen og støtte til dei dåverande sosialistiske statane Kina og Albania.

Eit aktivt parti med stor innflytnad

Det nye partiet utvikla kommunistisk praksis i Noreg og satsa på ideologiske studie, organisasjonsbyggjing og politisk aktivisme. Det vart bygd opp ei stor rørsle med fleire tusen revolusjonære som i ein del år dominerte mange politisk ordskifte. AKP (m-l) vart det største og eit av dei viktigaste ml-partia i Vest-Europa. Partiet utvikla politikk på ei rad ulike område, som internasjonalt solidaritetsarbeid, fagleg politikk, kulturpolitikk, kvinnepolitikk, studentpolitikk, målpolitikk, landbrukspolitikk, fiskeripolitikk og forsvarspolitikk.

Aktivismen til partiet gjorde seg gjeldande på dei fleste område. Ved motstand mot norsk medlemskap i EEC (noverande EU) og ved internasjonalt solidaritetsarbeid for m.a. Vietnam og Palestina. Vidare vart det denne tida òg bygt opp ei rad ulike solidaritets- og  frontorganisasjonar, som t.d.  Palestinakomiteen, som enno eksisterer og er aktiv. Eit anna område som partiet gjennom heile sin eksistens prioriterte var kvinnepolitikken. Dette gjennom eigen organisasjon og propaganda, men òg gjennom Kvinnefronten, som vart danna i 1972 etter formelt initiativ frå Raud Front i Studentersamfundet i Oslo. Partiet var leiande i streikestøttearbeidet for dei sokalla «ville» streikane som det var mange av på 1970-talet. For å styrka partiet og partimedlemane sine band i arbeidarklassen vart det på siste helvta av 1970-talet  iverksett ei proletariseringskampanje. Eit stort antal medlemar i partiet og i ungdoms- og studentforbunda Rød Ungdom og Norges Kommunistiske Studentforbund søkte seg arbeid i industrien og i andre proletariske yrke. Samstundes vart det satsa på oppbyggjing av partiavisa Klassekampen, som vart dagsavis frå 1977. Det vart òg bygt opp ein del andre «partiverksemder», som forlaget Oktober og plateselskapet Mai.

Motseiingar og splittring

Problem og interne motseiingar i AKP (m-l) vart tydelege på slutten av 1970-talet, og den gradvise svekkinga av partiet og ml-rørsla starta. Desse problema og motseiingane var både politiske og økonomiske, og fall i tid òg delvis saman med at mange systerparti og -organisasjonar som partiet hadde hatt kontakt med vart sprengte og gjekk i oppløysing.

Grunnane til dette var fleire, og av dei viktigaste var utviklinga og kontrarevolusjonen i Kina etter at Mao døydde i 1976, det politiske og økonomiske brotet mellom Kina og Albania, alle kreftene som partiet etter kvart nytta på val og parlamentarisk arbeid gjennom Raud Valallianse (RV), og store økonomiske problem i avisa Klassekampen og dei andre partibedriftene. Dette førte til ei gradvis og aukande politisk og organisatorisk svekking av både partiet og ungdomsforbunda utover på 1980-talet. Det gjekk føre seg harde politiske kampar i partiet i heile denne perioden. Desse gjekk på mange sentrale spørsmål. Av dei som ga seg uttrykk eksternt og i større utmeldingar frå partiet, må nemnast spørsmålet om i kor høg grad det parlamentariske arbeidet skulle vektleggjast, forståinga av sosialismen og proletariatet sitt diktatur og praktiseringa og forståinga av den demokratiske sentralismen. AKP (m-l) hadde sidan starten bygt opp strukturar i form av utval, avdelingar og instruksar for å kunne stå imot forfylgjing og illegalitet frå den borgarlege statsmakta eller framand intervensjon. Dette dels bygt på erfaringar som NKP og motstandsrørsla elles i Noreg hadde gjort under 2. verdskrigen og okkupasjonen, og dels inspirert av Komintern sitt krav frå 1919 om at alle kommunistiske parti skulle byggja opp illegale strukturar for å motvirka forfylgjing, og slik vere budde når klassekampen ein dag ville skjerpa seg til væpna kamp og gjennomføring av sosialistiske revolusjonar.

Parlamentarisme og avskiping

Den borgarlege og sosialdemokratiske hetsen mot AKP og ml-rørsla var aggressiv og hysterisk frå fyrste stund, særleg då innflytnaden i fagrørsla og streikekampen vart større. Partiet bukka ikkje under i denne beinharde ideologiske kampen på 70-talet grunna aktiv skolering, klåre liner, disiplin og politisk medvete. Det styrka seg i staden. Men det skulle snart endra seg.

Dette politiske revolusjonsførebuande arbeidet vart utover på 1980-talet kraftig nedprioritert til føremon for støtt større satsing på val og parlamentarisk arbeid. Tusenvis av partimedlemar og sympatisørar vart slik offentleggjorde på vallister. Dette gjorde overvakinga av partimedlemar og revolusjonære langt enklare for dei hemmelege tenestene, noko Lund-rapporten om overvaking, som vart framlagt i 1996, synte veldig tydeleg. Ein annan vesentleg grunn til at partiet gradvis forvitra ideologisk og politisk i denne perioden, var partilleiinga si motvilje mot å diskutera og ta oppgjer med utviklinga i Kina, som utover på 1980-talet utvikla seg i stadig meire kapitalistisk og sosialimperialistisk retning. Parallelt med desse interne motseiingane og veikskapane utvikla partiet i denne tida samstundes ein del ny politikk, særleg på kvinnepolitikken sitt område.

Den politiske og organisatoriske tilbakegangen kulminerte førebels ved partiet sitt landsmøte i 1990 då Raud Valallianse (RV) vart fristilt og frå 1991 organisert som eige parti. AKP (m-l) fjerna marxist-leninistane frå partinamnet, og partiet vedtok eit nytt prinsipprogram som forlét ein heil del sentrale kommunistiske prinsipp. Partiet sin politiske innverknad og medlemstal gjekk gradvis attende utover på 1990- og 2000-talet, inntil AKP vart vedteke nedlagt på landsmøter i 2006 og 2007, og slått saman med Raud Valallianse til det nye venstresosialdemokratiske partiet Rødt (Raudt) i 2007.

Det var ein viss motstand mot nedleggjing av AKP, og mange partimedlemar gjekk ikkje inn i det nye partiet, men ut i passivitet, etter at Rødt vart stifta. Eit antal kommunistar med bakgrunn frå AKP, saman med ML-gruppa Revolusjon og Noregs Kommunistiske Studentforbund, deltok så seinare i 2007 i stiftinga av Kommunistisk plattform marxist-leninistene, KPML.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre