nazianimasjonNazistane køyrer for tida ein offensiv med marsjar og propagandaframstøt i fleire norske byer. Slike hendingar vert i mediene gjerne bagatelliserte som sære, men tilfeldige episodar som vil døy bort av seg sjølv berre fascistane får lov til å marsjera og «ytre seg» med dei rasistiske slagorda sine. Alle som kjenner det minste til nazismen sitt vesen, veit at det er tøv. Nazismen og fascismen kan ikkje teiast i hel, han må konfronterast over alt der han stikk det ufyselege andletet sitt fram.

I denne artikkelen syner vi korleis provokasjonane frå «nye» nazimiljø er lekk i ein lang og brun tråd i norsk og nordisk historie. Det er avgjerande at desse miljøa vert slegne attende.

Nazismen er ein ideologi som byggjer på tanken om at eit folk er betre enn alle andre, og at ein førar skal leie den ariske rase. Ideologien går ut på rasehygiene og at mindreverdige skal fjernast frå den ariske rase.

Kjenneteikna for nazismen er at man har negative tankar om andre folkeslag/rasar samstundes med at man har store tankar om seg sjølv og sitt eige folk. Ein vil prøve å skilje ut eller utrydde såkalla «mindreverdige» folkeslag. I Tyskland førte dette til utrydding av jødar, sigøynarar og psykisk sjuke.

Nazisme kjem av ordet nasjonalsosialisme og er ein ideologi som oppsto i Tyskland etter første verdskrig. Den fremste eksponenten for den var Adolf Hitler og boka «Mein Kampf», som var det ideologiske fundamentet. Omgrepet «nasjonalsosialisme» er ei semantisk meiningsløyse. Nazismen peiker ut sosialismen som hovudfiende og har ingenting til felles med han. Bakgrunnen for omgrepet «nasjonalsosialisme» er at sosialismen hadde ei særs sterk stilling mellom dei tyske arbeidarane. Difor freista nazipartiet å appellera til dei mest tilbakeliggande arbeidarane ved å profilera seg som «sosiale» og jamvel som «antikapitalistiske».

Nazistane har opp gjennom åra endra program, former og meiningar mange gonger. Dei vinglar, men berre tilsynelatande. Grunnlaget er det same og dei er i slektskap med dei opphavlege ideane sjølv om dei nokre gongar, særleg i land som var okkuperte av Nazi-Tyskland, kallar seg noko anna og lét som dei tek avstand frå den «gamle» nazismen.

Det er ikkje alltid like lett å skaffe seg oversikt over kva dei ulike fascistgruppane meiner, men klarer vi det er det lett å sjå slektskapen tilbake til mellomkrigstida. Dei har nok ikkje tenkt ein ny tanke på 80 år. Og ulike grupper i den brune gjørma spelar det same rolla som tilsvarande grupper i mellomkrigstida. Då var jødane den fremste skyteskiva, idag er det muslimane som har fått den rolla.

Men haldningane er like farlege og må møtast der dei dukkar opp.

Etterkrigstida

8. mai 1945 braut jubelen laus i Norge og flagga gjekk til topps. Fem år med tysk okkupasjon og nazistisk undertrykking var over. Og då sjølve symbolet på svik, Vidkun Quisling, blei ført til Akershus Festning og avretta 24. oktober 1945, meinte dei aller fleste at dette var slutten for nazisme i Norge. Men det var folk som ville det annleis. Skal vi forstå bakgrunnen for dagens nazistisk tankegods så kan vi ikkje det utan å trekke trådane bakover i historia. Og vi må gå tilbake til 2. verdskrigen, okkupasjonen og det statsberande partiet, Nasjonal Samling.

Det er ikkje slik som mange hevdar at nazismen i etterkrigstida kom til Norge etter impulsar frå andre europeiske land. Nei, den viktigaste drivkrafta var det systematiske arbeidet som ein del folk frå det gamle nazistiske miljøet utførte. Det er òg feil å kalle dette for nynazisme. Tankegodset byggjer på dei opphavlege ideane frå ølhallane i Munchen på 1920-talet.

Dei to personane som kom til å bety mest for etterkrigs-miljøet var Odd Melsom og Orvar Sæter. Under okkupasjonen var Melsom redaktør i partiavisa «Fritt Folk» og Sæter var ein av dei fremste leiarane i Hirden. I tillegg hadde begge vore nære vener av Quisling.

Etter soning av straff for landssvik kasta dei seg inn i arbeidet med å samle gamle NS folk og ikkje minst med å rekruttere nye til ein organisasjon. Dette var tidleg på 1950-talet og målet var å starte ei nordisk rørsle som skulle få namnet «Nordisk Samling».

Dei jobba aktivt med å skaffe seg eit nordisk kontaktnett som skulle jobbe for den nye rørsla. Samstundes jobba dei for å distribuere avisa «Folk og Land» som hadde blitt starta av den aller første naziorganisasjonen i Norge etter krigen, «Forbundet for sosial oppreisning». 

Arbeid for rehabilitering

Det ligg vel i namnet at denne organisasjonen var eit verkty for dei gamle nazistane. Då dei kom ut frå fengsla på 1950 talet meinte dei at deira viktigaste oppgåve var å bli kvitt stempelet som landssvikar. Dei meinte at det var alfa og omega å få endra på sigerherrane si krigshistorie og ikkje minst få endra på rettsoppgjeret etter krigen.

Samstundes var det naudsynt å knytte til seg nye folk og ikkje minst skape nye organisasjonar, noko som Melsom og Sæter jobba iherdig med.

Og til slutt skulle smitten langsamt komme til ein ny generasjon. Ein viktig dato for dei kom 17. juni 1961. Då blei det danna ei norsk avdeling av «Nordiska Rikspartiet». Leiar var H. M. Paasche, busett i Bodø. Dette er rekna som den første nazistiske organiseringa i Norge etter krigen. Og ironisk nok var det ei avdeling av ei nordisk gruppering med avdeling i Sverige, Finland og Danmark. Dette er mønsteret vi òg kjenner hos dagens nazistar.

Og då som nå var den svenske avdelinga den største og dominerande.

Nazistar kallar seg nasjonalistar, men når det kjem til stykket er dei så lite nasjonalistar som det går an å bli. Dei har alltid vore avhengig av samspel og koordinasjon med likesinna i andre land. Og då som nå var den store leiar og førar ein svenske, Göran Assar Oredsson. Han hadde stor autoritet i den brune gjørma i heile Norden. Idag er kona hans Vera Oredsson aktiv i «Nordiske Motstandsrørsla». I ein alder av 89 år reiser ho rundt og held appellar og deltek i nazistiske opptog, og er ei stor inspirasjonskjelde for den nye generasjon av Hitler-sympatisørar.

Som vi har nemnt så var avisa «Folk og Land» ein viktig faktor for å spreie nazistisk ideologi og idear. Avisa starta som eit organ for dei gamle NS-folka sitt arbeid for å bli kvitt landssvikstempelet og bli rehabilitert. Men etterkvart vart det eit viktig organ for dei nye gruppene som dukka opp.

Avisa blei møteplass for dei gamle og dei unge og nye nazifjes kom inn i redaksjonen utover 1960-talet. Dei mest kjente namna var Odd Isaksen, Olav Hoaas og Erik Rune Hansen.

«Folk og Land» eksisterte heilt fram til 2004 og heile tida spela den ei viktig rolle som organisator. Dette trass i at det i 1970 åra dukka opp nye organisasjonar og meir tidsriktige publikasjonar.

Vekst og fall

På byrjinga av 1970-talet dukka det opp ein heil flora av høgreekstreme organisasjonar. Ikkje alle var reint nazistiske. Ein del tok klart avstand frå nazismen som dei sette i same bås som kommunismen. Det same ser vi idag. Dei aller fleste var ein reaksjon på at vi nå i sterkare grad enn tidlegare fekk nye impulsar frå verda kring oss og ikkje minst at innvandringa til Norge tok til.

Dei nye organisasjonane argumenterte for vern av norsk kultur. Har vi ikkje høyrt det argumentet i vår tid og?

Men dei nye kom og som ei reaksjon på den omfattande radikaliseringa som vi såg i enkelte ungdomsmiljø. Og ikkje minst framveksten av venstreorienterte organisasjonar og solidaritetsorganisasjonar.

Det dukka opp ei lang rekke med høgreekstreme organisasjonar med islett av nazisme. Frihetsalliansen, Fedrelandsvernet, Anti Kommunistisk Allianse, Ultra Marine, Aksjon for ny politikk, Verdikonservativ Arbeidsgruppe, Demokratisk Allianse, Libertas, Norsk aksjon mot u-hjelp, Anders Langes parti og mange, mange fleire.

Dei dukka opp, blei lagt ned og dukka så opp igjen i ny form der «behovet» var tilstades. Det som kjenneteiknar nazistar er at dei stadig skifter «skjorte». Men det hjelp lite med rein skjorte når det som er innafor er like skittent.

Nye fjes

nazirotterNye og unge folk med ei form for organisatorisk talent kom nå til nazigjengen. Tor Petter Hadland, Alfred Olsen, Jan Andersen og Georg Farre var namn som skulle spele ei stor rolle i dette miljøet i åra som kjem. Desse hadde fått innpass i miljøet rundt avisa «Folk og Land» og dei pleia tette kontakter med nazistar i utlandet.

Ein av dei mest sentrale i Europa på 1970-talet var den tidlegare SS-offiseren, Otto Skorzeny. Han er kjent for at han klarte å sette Mussolini i Italia fri frå fangenskap hos dei allierte styrkane på slutten av verdskrigen.

I Norge fekk vi nå ein naziorganisasjon med ein viss suksess. Namnet var Nasjonal Ungdomsfylking (NUF).

Aldri tidlegare etter krigen hadde nazistane nådd så breitt ut. Og dei klarte det på grunn av sitt barberte vesen. Dei tok vekk sine mest usaklege og usmakelege argument og tilpassa seg samtida. Dei oppnådde samarbeid med dei fleste brune gruppene på høgresida og dei klarte å bruke det for det det var verdt.

Ei eksplosiv blanding av reine nazistar og høgrevridd ungdom førte stadig nye folk inn i nazistane sine rekker.

Talarstol 

Ein annan viktig faktor bak suksessen for NUF var at dei blei tatt fram i rampelyset gjennom deltakinga i TV-programmet «På sparket». På den tida var det kun ein TV kanal og folk samla seg rundt skjermen. Dette var eit program som skulle avsløre nazistane, men stor merksemd førte til at dei fekk mange nye medlemar. Og oppmuntra av den uventa framgangen vedtok dei å danne eit nytt politisk parti. Namnet på partiet blei «Norsk Front» og dei kunngjorde med brask og bram at dei ville stille til val.

Rett nok blei det nye partiet sine planar forpurra ved at det norske lovverket på den tida hadde eit forbod mot parti av same type som Nasjonal Samling. Det var eit resultat av NS sine handlingar under krigen.

Dei klarte heller ikkje å skaffe nok underskrifter for å få partiet godkjent. På den tida var kravet 1000 underskrifter. Etter eit hastevedtak i Stortinget blei kravet utvida til 3000 underskrifter, så den parlamentariske vegen blei effektivt stengt.

1980-talet og fram til idag

Fleire valds aksjonar på 1980-talet kan knyttast til dei nazistiske gruppene. Den mest kjente er likvideringa av to ungdommar på Hadeland i 1981 som blei utført av ei gruppe med namnet «Norges Germanske Armé». To nazistar blei tatt og dømde til lange fengselsstraffer.

Drapet på Benjamin utløste svære protester. Song for Benjamin var ett av de kulturelle uttrykka for kampen mot nazismen.I tillegg kan drapet på Benjamin Hermansen på Holmlia i Oslo og terroraksjonen mot regjeringskvartalet og Utøya 22. juli 2011 knyttast til same miljø. Som vi ser står vi overfor ein kriminell ideologi bygd på hat og vald.

Men det kom og ein reaksjon på den ekstreme valdsdyrkinga internt blant nazistane. Det dukka opp ei gruppe på universitetet i Oslo. Den hadde fått det pompøse namnet «Nasjonaldemokratisk Studentgruppe» og var leia av Michael Knutsen. Han var nok litt over gjennomsnittet smart til nazist å vere og skjønte at skulle dei brune ideane nå ut til eit breitt publikum måtte det settast igang ei reingjering i miljøet. Nazismen og rasismen måtte kamuflerast bak fine ord. Dei mest rabiate kreftene måtte kort og godt hivast ut. Det same ser vi idag. Omkvedet er at vi er ikkje rasistar, men …

Michael Knutsen hadde ein viss suksess med den mjuke og moderate linja. Og dei klarte å starte eit tidsskrift med eit intellektuelt snitt, «Norsk Blad».

Men reingjeringa måtte gå ut over nokon i nazimiljøet. Ein av dei som blei kasta ut var Ole Krogstad saman med ein del andre aktivistar. 

Boot Boys

Dei som hadde blitt ofra i prosessen med å framstå som stuereine akta ikkje å gå i passivitet. Då gruppa «Boot Boys blei danna på 1990-talet var dei i front.

Gruppa hadde sitt utspring i skinhead kulturen som opphavleg kom frå England. Der hadde den vore knytta til partiet «National Front» sitt forhold til fotball og øl, noko som hadde ført til tribunevald og overfall på mørkhuda.

Dette var dei store heltane til «Boot Boys» som ikkje var ein fasttømra organisasjon, men mest ei gruppe av mistilpassa ungdom. Leiande aktivistar var Ole Krogstad og Ole Nicolai Kvisler. Sistnemde skulle seinare bli dømt for drapet på Benjamin Hermansen på Holmlia. Ein femtenåring som blei drepen fordi han hadde feil hudfarge.

Vi veit og at desse personane pleia tett kontakt med Arne Myrdal og hans «Folkerørsla mot innvandring», som hardnakka hevda at dei var mot nazismen. Men det er nå slik at ein del ting har ein lei tendens til å gjenta seg. Kor ofte har vi ikkje høyrt at SIAN og NDL er mot all nazisme, likevel går dei ikkje av vegen for å samarbeide med opne nazistar når det trengs.

Folkerørsla mot innvandring (FMI)

Denne organisasjonen blei stifta i Haugesund i 1987 og den var den organisasjonen på den brune sida som fekk størst oppslutning. Også nazistar melde seg inn, det same gjorde vanlege folk som var mot innvandring til Norge. Organisasjonen reiste land og strand rundt og heldt møte. Dei var på toppen i 1988 og 1989 med mange tusen medlemar. Leiar var Arne Myrdal og hans militante linje hadde appell hos mange. Samanbrotet starta då Myrdal trådde over ei grense med konkrete planar om å sprenge eit asylmottak.

Ein annan årsak til samanbrotet var at FMI møtte kraftig motstand på gata i form av breie og store motdemonstrasjonar. Myrdal og hans allierte følte seg pressa og aktiviteten tok til å dale.

Så kom det rasistiske drapet på Benjamin Hermansen. Det førte til massive antirasistiske demonstrasjonar over heile landet. Nå trudde nok dei aller fleste at nazimiljøet var knekt. Men slik skulle det ikkje gå. Nok ein gong skulle ekspertane ta feil og dei sanne orda i songen til Otto Nielsen kunne siterast: «He is dead but he won't lay down».

Den nordiske motstandsrørsla

Dei mest aktive går nå over i «Den nordiske motstandsrørsla». Denne gruppa er organisert på tvers av landegrensene i Norden, med den største avdelinga i Sverige. Gruppa med det misvisande namnet er regna som svært voldeleg og trenar mellom anna i gatekampar. Dei ser på seg sjølv som ei halvmilitær gruppe, der alle midlar kan brukast mot politiske motstandarar. Målet er å vinne gata og drive ut innvandrarar og asyl søkarar.

Dette miljøet har fostra kjente nazistiske aktivistar som Haakon Forwald, Ole Nicolai Kvisler og Øystein Vaule. Mange av dei aktive idag har fleire alvorlege dommar mot seg, både vold og drap. Organisasjonen har avdelingar både i Finland, Sverige ,Norge og Danmark. Og den har hatt ein kraftig vekst og kan vise til opptog og marsjer som vi ikkje har sett maken til sidan 2 verdskrig.

Dei har lagt seg på ei linje der dei mobiliserer over heile Norden til sine opptog og markeringar, og dermed framstår dei som sterkare enn dei er. Dei brukar felles parole på tvers av landegrensene. Den mest kjente er: «Knus homolobbyen». Dette er ei parole som fremmar hat og hets mot ei enkeltgruppe. I sitt program «Vår veg» skriv nazistane at dei ynskjer å forby homofili i det offentlege rom. Dei samanliknar homofile med narkolangaren og straffa skal bli den same: «en narkolangare derimot som från början fortsett misbruken med beroendeframkalland gift ska givetvis straffas hårdt, i synnerligen grova fall med döden».

Skal straffa for homofile bli den same, snakkar man om å drepe folk. Og det er definitivt i strid med norsk lov.

Og sentralt i den nazistiske førestilling om homolobbyen står jødane og det antisemittiske standpunkt.

Som vi ser er ikkje dette ein organisasjon lik alle andre. Den spreiar hat mot enkeltgrupper, og så lenge dei opererer på kanten av norsk lov så kan dei ikkje forlange rett til ytring.

I paragraf 185 i straffelova om «Hatefulle ytringer» står det:

«Med bot eller fengsel inntil 3 år straffes den som forsettlig eller grovt uaktsomt offentlig setter frem en diskriminerende eller hatefull ytring. Som ytring regnes også bruk av symboler. Den som i andres nærvær forsettlig eller grovt uaktsomt fremsetter en slik ytring overfor en som rammes av denne, jf. annet ledd, straffes med bot eller fengsel inntil 1 år.

Med diskriminerende eller hatefull ytring menes det å true eller forhåne noen, eller fremme hat, forfølgelse eller ringeakt overfor noen på grunn av deres … » og under c) står det «homofile orientering».

Det er ingen tvil om at vi her står overfor ei voldeleg terrorgruppe. 

Nazist i panelet på folkemøte

Det har ikkje vore stor nazistisk aktivitet i Rogaland opp gjennom åra. Dei gruppene som har eksistert har stort sett avgrensa seg til plakatklistring.

I tillegg har dei leiande folka innan gruppene SIAN og NDL kome her frå fylket. «Folkerørsla mot innvandring» blei stifta i Haugesund i 1987. Og vi må ikkje gløyme at det innvandrarfiendtlege partiet «Fedrelandspartiet» hadde god oppslutnad på Karmøy der dei blei representert i kommunestyret i 1993.

EDL hadde også en norsk avlegger.EDL har også en norsk avlegger i form av NDL.SIAN og NDL har hatt gatedemonstrasjonar lokalt i Stavanger der dei har blitt møtt av motdemonstrasjonar. Dette har nok hindra dei i vekse,fordi folk har synest at det har vore ubehageleg å bli sett i bås med opne rasistar.

Så i mars 2014 skjer det noko som er annleis enn det vi har sett før. I Sandnes spreier ei gruppe som kallar seg «Borgarvernet Rogaland» ut løpesetlar med propaganda retta mot eit planlagt asyl mottak i bydelen Ganddal.

Planane om asylmottak har møtt harme blant folk og når utdelinga av løpesetlar blir kjent så er saka med eit i media si interesse. Talsperson for «Borgarvernet Rogaland», Øystein Vaule, blir henta inn for å kommentere. Han er plutseleg i media sitt rampelys og kan sole seg i glansen av journalistar som ikkje evnar å stille kritiske spørsmål. Det heile er tilsynelatande ein aksjon frå ei gruppe menneske som oppriktig er bekymra for at eit asylmottak som skal leggast i eit fredeleg nabolag. Og at talsperson Vaule er ein ærleg demokratisk og bekymra nabo.

Så feil kan man ta av folk. Men det rette søkelyset frå media kom ikkje før etter at antirasistar hadde meldt gruppa til politiet for brot på rasismeparagrafen. Og samstundes hevda at «Borgarvernet Rogaland» var ein forlenga arm av den valdelege nazigruppa «Den Nordiske Motstandsrørsla».

Så skjer ei ny utvikling i denne saka om asylmottaket i Sandnes. Media hadde kun omtalt «Borgarvernet Rogaland» som ei innvandrar-kritisk gruppe og dermed bidratt til å gjere det heile ufarleg. Dei makta ikkje å få med seg at gruppa var leia av folk som fornekta folkemordet på jødane. Og talsmann blei invitert til å sitje i panelet på eit folkemøte som kulturhuset i Stavanger, «Sølvberget», arrangerte.

Temaet for møtet var ytringsfridom. Å invitere ein person som opent kallar seg for nasjonalsosialist til å diskutere eit slikt tema er som å sette ein bankranar til å passe pengane i ein tellesentral.

Men «Sølvberget» nekta å bøye av for kritikk. Møtet skulle gå som planlagt med nazisten i panelet. Dersom andre deltakarar trakk seg frå møtet der talsmann for «Borgarvernet Rogaland» hadde fått plass, så skulle desse erstattast av andre. Difor bør det rettast takk til dei som nekta å stille opp. Desse gjorde det lettare å avsløre at «Borgarvernet Rogaland» var ein del av og ein forlenga arm for den nazistiske «Nordiske Motstandsrørsla».

Verre var det med dei som etter påtrykk ikkje ville trekke seg, men sitte i panelet med nazisten Vaule. Desse bidrog til å tåkelegge kva det dreia seg om.

Rogaland SV var ein av dei som ville debattere med nazisten, trass i åtvaringa frå eit samla antirasistisk miljø. Dei karakteriserte deltakinga som farleg, naiv og direkte tåpeleg.

Men den saklege kritikken hadde ingen innverknad på representanten frå SV. At ho likevel seinare trakk seg frå panelet blei grunngjeve med at ho følte seg mobba av opinionen. Ho blei då erstatta av stortingsrepresentant Eirin Sundt frå Rogaland AP.

Møtet i kulturhuset gjekk som planlagt og nazisten Vaule fekk sin talarstol og augneblink i media sitt blitzlys. Men i den lokale opinionen var han og hans likesinna blitt grundig avkledd. At Øystein Vaule og gruppa hans seinare er avslørt for å ha lagra store mengde våpen er ei stadfesting av det som det antirasistiske miljøet alltid har hevda. «Den nordiske motstandsrørsla» er ein kriminell terrororganisasjon.

Pengar til kampen for det kvite Norge

Denne historia handlar om ei ukjent Oslo kvinne. Clara Weltsin hadde vore tilsett i staten. Ho døydde i 2007 og hadde ingen arvingar.

I testamentet hennar står det at husværet på Sr. Hanshaugen skal seljast til det som blir kalla ein norskfødt. Ein person født av norske foreldre. Når salet er gjort skal nettobeløpet gå til personar som arbeider aktivt og har gjort ein innsats mot masseinnvandring til Norge.

I samband med testamentet blir det peika ut ein komite som ho meinte var skikka til å fordele midlane. Desse var Erik Gjems-Onstad, Egil Karlsen, Bjarne Pettersen og Norvald Aasen. Dei tre siste er kjent frå brune og rasistiske organisasjonar og parti, mellom anna «Folkerørsla mot innvandring». Gjems-Onstad er tidlegare stortingsmann for Anders Langes Parti.

Salssummen blei tilslutt på 2,7 millionar kroner. Eit viktig økonomisk bidrag til høgreekstreme personar og organisasjonar.

Men det vakte likevel oppsikt og debatt då det blei kjent at Ole Nicolai Kvisler blei tilgodesett med 250.000 kroner. Han er som kjent dømt for drapet på Benjamin Hermansen, eit rasistisk motivert knivdrap på Holmlia i Oslo. Etter soning er han nå tilbake i det nazistiske miljøet som eit profilert medlem i «Den nordiske motstandsrørsla».

Øvrige mottakar var nazisten Tore Tvedt i Vigrid, med 50 000 kroner. I tillegg blei «Norgespatriotene» og deira leiar, Øyvind Heian, gitt 500 000 kroner. Heian er mest kjent for drapstrugsmål mot tidlegare justisminister Knut Storberget.

Ei lita og ukjent historie som kan vere med å fortelje oss at det brune miljøet ikkje berre inneheld tullebukkar, men at det står økonomiske krefter bak. I sum kan det bli ei farleg blanding.

Forby nazistisk organisering

Det er viktig å få fram at nazistane ikkje er ei vanleg politisk gruppering, men ein kriminell bande. Dei fleste land i Europa har ei lovgiving som forbyr nazistar og det gjer kampen mot dei lettare, sjølv om styresmaktene ofte unnlet å handheva lova.

I Norge har vi idag ikkje slike paragrafer av di regjering og storting framleis ikkje etterlever pålegg om naziforbud frå FNs rasediskrimineringskomité. Difor er mange villige til å unnskylde nazistane ut frå tanken om rett til ytring. Eit kjent utsegn frå den franske filosofen Voltaire lyder slik: «eg er djupt usamd i alt du seier, men er viljug til å døy for retten din til å seie det».

Ein slik tankegang er katastrofal andsynes fascismen. Rett til å fremme rasisme og offentleg mobbing er det same som den sikre død for svake grupper.

Vi har demonstrert mot dei brune gruppene som offentleg forkynner at dei ikkje er nazistar, men som fungerer som ved og vann-berarar gjennom sine haldningar.

Det gjeld først og fremst SIAN, PEGIDA og NDL. Desse gruppene er svært rasistiske.

Innafor enkelte muslimske miljø er anti-semittismen svært sterk og må møtast på same måte. Ofte er det slik at man er så ivrig opptatt med å ta avstand frå muslimfiendtlege grupper og meiningar at man endar opp med å forsvare islam, inkludert dei mest reaksjonære teologiske tolkningane av han. Konsekvensen er at man lukkar auga for muslimsk rasisme.

Verstingen i dette miljøet er Islam Net som rettar si verksemd inn mot unge folk. Skal vi fremme kamp mot nazisme og rasisme må vi vere konsekvente, og ikkje sjølv ende opp med å støtte opp om grupper som er rasistiske.  

Kjelder:
Arvtakerne. Bok om nazismen i Norge etter krigen av Per Bangsund. Pax Forlag 1984.
Vepsen.no
Antirasistisk Senter. antirasistisk.no
Expo. Expo.se
TV2.no om Clara Weltsin
Radikal Portal.
Nettstadar tilhøyrande høgreekstreme og nazistiske grupper og organisasjonar.
Stavanger Aftenblad.
Rogalands Avis.
Sandnesposten.