3 mai 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Også marinen blir skreddersydd for utenlandsoppdrag, ikke forsvar av Norge.Den norske regjeringa kaster Norge inn i stadig nye kriger og konflikter på «forespørsel» fra USA eller EU. Espen Barth Eide var på vei til å sende norske kampstyrker til Mali, men ble tvunget til foreløpig retrett, slik at norske styrker i stedet skal drive «opplæring» av korrupte maliske regjeringsstyrker.

Norge er blitt en aggressiv imperialiststat, sjøl om aggresjonen alltid kamufleres som «hjelp», forsvar av «menneskerettigheter» eller «kamp mot terrorister». I denne artikkelen fra tidsskriftet Revolusjon ser E. Andersen nærmere på hva som skjer og har skjedd med norsk militærpolitikk de siste åra.

Forsvarets propagandanummer. Et digert fargebilag er sendt ut til de fleste av landets husstander.Et digert reklamebilag fra Forsvaret er sendt ut til de fleste av landets husstander.Det norske forsvaret har vore i sterk endring dei siste to tiåra. Endringane synest særleg godt når det gjeld storleik, organisering, utstyr, talet yrkessoldatar kontra vernepliktige, rådande militærdoktrine og ikkje minst når det gjeld oppgåver og oppgåveforståing.

{tab=Noreg snøgt i retning av ein yrkeshær}Militærapparatet i Noreg har relativt sett aldri vore so lite som no, i alle høve ikkje frå 1600-talet og frametter, kor det finst tal på dette. Det er no omlag 23 000 menn og kvinner i dei ståande styrkane, av desse omlag 17 000 fast tilsette. Dette er nesten ei halvering av talet samanlikna med for 20 år sidan. Ved mobilisering vil det norske forsvaret no ha ei samla styrke på 83 000 soldatar. Dette er ein reduksjon på nesten 75 prosent samanlikna med tidleg 1990-tal. Heimevernet har i same periode vorte redusert frå omlag 100 000 soldatar til 45 000. Samstundes har Forsvaret heller aldri relativt sett hatt so mange yrkessoldatar som no. Dei mest kjende av desse heilprofesjonelle einingane i Noreg er FSK (Forsvarets spesialkommando), MJK (Marine-jegerkommandoen) og Telemark Bataljon. Det er òg desse einingane som har vorte sette inn på bakken som lekk i Nato si krigføring i Afghanistan, Makedonia, Bosnia og Kosovo. Vidare har Luftforsvaret sine jagarbombarar vore sette inn i Nato sine bombeåtak i Libya sumaren 2011. Alle pilotar i Luftforsvaret og det store fleirtalet av mannskapet på Sjøforsvaret sine skip er og yrkesbefal/soldatar.

Verneplikta, ein saga blott

Det er no omlag 25 prosent av årskulla med gutar som når vernepliktig alder som faktisk vert kalla inn og tenestegjer i dei ulike delane av Forsvaret. Verne-pliktsforsvaret som i ulik form har vore kjent og praktisert i Noreg sidan middelalderen er dimed i hovudsak avvikla. Dei vernepliktige utgjer no berre ein «styrkebrønn» ifylgje rådande norske militærdoktrine. Dei vernepliktige er no altso eit supplement til fleirtalet i Forsvaret – som no er verva soldatar, og desse ikkje-profesjonelle soldatane vert i hovudsak berre sett til enkle vakt- og arbeidsoppgåver. Det kan av kommunistar og radikale i vår tid med rette seiast at det på dei fleste vis er bra at det borgarlege militærapparatet er so lite som råd, samstundes er det opplagt at ei slik ordning med mest berre profesjonelle soldatar førar til endå mindre folkeleg og demokratisk kontroll med Forsvaret, og at langt færre folk frå arbeidarklassen får militær trening og kunnskap. Det er òg fullt opp av historiske døme på at verva og spesielt utplukka militærstyrkar langt lettare kan disiplinerast til systematiske overgrep og åtak på folkelege og revolusjonære rørsler. Norsk soge har òg døme på dette frå klassekampen på 1930-talet og under den spirande nasjonale frigjeringskampen mot svenskane på 1800-talet.

Nye våpensystem og soldatar, for åtak!

Det har i dei seinare åra vore stort fokus frå regjeringa og styresmaktene på skaffing av nye våpensystem til Forsvaret. Dette har gått parallelt med stort fokus frå same hald på deltaking i ulike «internasjonale operasjonar», altso bruk av militær makt og krigføring, i regi av Nato og EU. Kjøp av dei nye langtrekkjande amerikanske jagarflya F-35, som regjeringa Stoltenberg ope sa ville gå ut over løyvingane til skule, eldre og samferdsel, og skaffing av dei store fregattane i Fridtjof Nansen-klassen frå Spania er gode døme på dette. Samstundes er desse skaffingane klåre døme på at forsvaret av norsk territorium no er forlate som offisiell norsk militærdoktrine, og erstatta med fokus på deltaking i internasjonale operasjonar, altso militære røvartokt og klassisk kanonbåtimperialisme, langt unna Noreg sine grenser. Dette vert enno tydelegare då våpensystem og militært personell som mest er eigna til forsvar av og i Noreg vert teke ut or teneste. Det synar seg m.a. ved at minesveiparar og minejaktfarty av høvesvis Alta- og Oksøyklassen vert teke ut or drift etter å ha vorte sjøsett so seint som i siste helvta av 1990- talet, at Kyst-artilleriet er nedlagt og at luftvernsystem til vern av norske byar er avvikla. «Trugsmålet» som norske styresmakter ser, har tydeleg vorte eit anna, i tråd med føringane frå Washington – det er no «internasjonal terrorisme» og «islamisme».

«Ørkensats» i staden for «lang vinter under»

Denne satsinga på bruk av militærmakt under fjerne himmelstrøk synar seg på fleire vis og i utdanninga av og skaffingane av utstyr til den einskilde soldat. Utdanninga av soldatar i Noreg har no langt sterkare fokus på strid og opptreden i fiendtleg område og framandt terreng enn tidlegare. Utstyrsmessig synar dette seg ifylgje tilgjengelege tal på at det nyttast meir pengar på utvikling og skaffing av ørkenstøvlar, ørkencamo og ørkenuni-formar, sokalla «ør-ken-sats», enn på utvikling av vinterutstyr og effektar som er særskilt eigna for norske tilhøve.

Ekspedisjonskorps i staden for nasjonal forsvarsstyrke

Dei elementa som er nemnd ovanfor synar klårt at norsk forsvars- og militærpolitikk i dei siste åra har gått frå hovudfokus på norsk territorium til deltaking i militære operasjonar langt frå landet sine grenser. Dei små men godt trena og utstyrte profesjonelle norske militæravdelingane som skal sendast utanlands, som FSK og Telemark Bataljon, er saman med dei nye jagerflya som skal skaffast og dei nye fregattane som i hovudsak er på plass og i drift, i røynda lite anna enn eit militært ekspedisjonskorps. Det er rett nok ikkje eit «fullverdig» ekspedisjonskorps, som ein særleg kjenner det frå den britiske og den amerikanske hæren/marinen, då andre i hovudsak må ta seg av ei rad logistiske oppgåver som transport, forsyningar, kommunikasjons- og varslingssystem, osb., men det er heller ikkje hovudpoenget her – men derimot at Noreg skal ta del som ivrig og viljug alliert i dei ulike krigane som NATO og særleg amerikanarane førar rundt om i verda.

Integrert del av USA sitt militærvesen

Med dei omleggingane av det norske forsvaret som summarisk er synt til her har dette gått frå å vera eit forsvar med hovudsakeleg nasjonale oppgåver og lokal innretting til å verta ein integrert del av NATO og då særleg USA sine militærstyrkar som kan setjast inn overalt i verda. Dette er ei utvikling som er lite diskutert og påakta i Noreg og som vil ha, og allereie har, store konsekvensar for det norske samfunnet – og for mange utanlandske og norske liv.

{tab=Fakta om jagerflykjøpet – JSF F-35 Lightning 2}

Hovudprodusent: Lockheed Martin, USA. Multirolle kampfly. Vedteke kjøpt av Noregs regjering i 2008 
etter tvilsam anbodskonkurranse som i siste omgang berre omfatta F-35 og svenske Saab Jas Gripen.

Joint Strike Fighter. Foto fra Wikimedia commons.Ytingar: Flyet er so langt vedteke produsert i fire ulike versjonar. Kan utstyrast med ei rad ulike våpensystem og har oppgjeve toppfart på mach 1,6 med våpenlast.
NSM (Naval Strike Missile) sjømålsmissil utvikla av Kongsberg Defence and Aerospace (tidl. Kongsberg Våpenfabrikk) skal vera eit av hovudvåpensystema på dei flya som skal leverast til Noreg og på ein del av dei amerikanske flya, og vil vera eit vesentleg element i «gjenkjøpsavtalene» mellom amerikansk og norsk industri som er vanleg ved internasjonal våpenhandel.

So langt er 2440 fly vedteke produsert/tinga av ulike land. Dei landa som deltek i prosjektet og som skal dela kostnadane etter ein fordelingsnykel, er USA, Storbritannia, Canada, Australia, Tyrkia, Nederland, Italia, Danmark og Noreg. Dessutan forhandlar Israel og Singapore om kjøp av same type fly. Av dei flya som er vedteke produsert skal USA ha 1736 til ulike våpengreinar, Storbritannia 138 til to våpengreinar, Australia og Tyrkia 100 fly kvar, Nederland 85, og Noreg 56 (4 til trening og 52 til operativt bruk).

Canada har heile tida vore ein del av F-35 Lightning 2 prosjektet, og hadde opphaveleg tinga 80 fly, men har nyleg trekt seg frå prosjektet då dei fann kostnadane ved flykjøpet til å verta for store.

Pris per fly: Då regjeringa vedtok å anskaffa F-35 2 i 2008 var prisen per fly òg eit argument for valet av nett denne flytypen. Prisen for 48 fly (som var den opphavelege tinginga frå Noreg) vart då sagt å vera vel 18 mrd. kr, og samla kostnadar i heile livstidsfasa til flya vart berekna til om lag 30 mrd. kr. Det er imidlertid stor uvisse kring dette, og mykje tyder på at desse prisoverslaga er alt for låge. Berekningar gjort i 2012 anslår prisen per fly til å koma opp i ca 500 mill., noko som vil føra til samla kostnadar i levetida til flya som skal leverast til Noreg i storleik kr 65–70 mrd. Tal frå den canadiske regjeringa sitt budsjettkontor frå 2012 anslår at prisen per fly gjennom heile livstidsfasen kan koma opp i to mrd. kr. Utviklingsprosjektet er òg kraftig forseinka, noko som og førar til uvisse kring endeleg pris per fly. Dette vil i alle høve vera det avgjort største kjøpet som er gjennomført i fastlands-Noreg nokonsinne.

Artikkelen er frå tidsskriftet Revolusjon nr. 42, januar 2013.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre