16 juni 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Uten bønder, ingen mat. Originalfoto: <a href="https://unsplash.com/@jediahowen?utm_content=creditCopyText&utm_medium=referral&utm_source=unsplash">av Jed Owen</a> fra <a href="https://unsplash.com/photos/green-farm-heavy-equipment-on-green-field-ajZibDGpPew?utm_content=creditCopyText&utm_medium=referral&utm_source=unsplash">Unsplash</a>   Uten bønder, ingen mat. Originalfoto: Jed OwenUnsplash

Bøndene har fått nok av dyrtid – og av brotne lovnader frå Senterpartiet.

Bondeopprøret som i mange månadar har prega vegane og mykje av ordskiftet i mange land i Sør- og Mellom-Europa har no kome til Noreg. Dette rett nok i langt mildare og snillare form enn lenger sør,  kor bøndene har vorte utsette for langt alvorlegare politiske og økonomiske åtak, dei fleste av desse med bakgrunn i EU sin landbruks- og klimapolitikk.  

I Noreg har bondeopprøret så langt mest synt seg i høglytt argumentasjon frå bondeorganisasjonane Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Bondeopprøret på norsk har likevel no utvida seg til stengjing av trafikken på E6 i Gudbrandsdalen med traktorar i ein halv time, og spreiing av husdyrgjødsel på trappa til Senterpartiet (Sp) sitt hovudkontor i Akersgata i Oslo, og ved einskilde kommunehus kor Sp har fleirtal og ordføraren. 18. april demonstrerer bønder frå store delar av landet på Eidsvolls plass framom Stortinget.

Strukturrasjonalisering

Sentralt i den nye omdreininga av det landbrukspolitiske ordskiftet her i landet står berekninga av bøndene sine inntekter. Staten har gjennom  landbruksoppgjera sultefora bøndene gjennom mange år. Landbruket er den mest gjennomregulerte næringa i landet, og har i tida etter 2. verdskrigen vore gjennom ei omfattande  strukturrasjonalisering ved mekanisering og samanslåing av areal til stadig større driftseiningar.

I 1949 var det 213 000 landbrukseigendomar i Noreg medan antalet no er 183 000, men av desse berre om lag 36 000 med eiga drift. Storleiken på driftseiningane har slik auka betydeleg, medan antalet bønder har vorte tilsvarande redusert. Dette har ført til auke i lønsemda i landbruksektoren, men utan at dette tilsvarande har kome bøndene som gruppe til gode økonomisk. Årleg gjennomsnittløn for bønder er no kr 275 000, men det er store skilnadar ut frå driftsform og landsdel. Av dei  like i overkant av 36 000 bøndene som er att, er det ifylgje SSB berre om lag 12% som er heiltidsbønder, medan 34 % oppfattar at dei sjølve er det.

Inga vernebuing utan mat

Det har no i fleire år vore tala høgt og mykje om behovet for auka sjølvforsyning av vernebuing- (beredskaps) omsyn, etter at covid-pandemien og krigen i Ukraina har synt at høgresida sine politiske dogme om «buy on demand» ikkje strekk til. Det har samstundes med dette vorte tala mykje om at dei norske bøndene sine inntekter må aukast og koma opp på industriarbeidarnivå, utan at dette så langt har materialisert seg vidare i kroner og øre.

Grunnen til bondeprotestane er samansette, men her i Noreg kjem dei hovudsakeleg av lågare lønsemd i sjølve produksjonsleddet av mat gjennom mange år, og tilsvarande sviktande inntekter for bøndene. Denne lågre lønsemda i produksjonsleddet skuldast mellom anna at større deler av meirverdien hamnar hos distribusjonsledda. Lønsemda og profitten for dei som sel maten i siste hand auka dramatisk, og eigarane av dei store matvarekjedene har vorte av dei rikaste i landet. Stoda for bøndene har vorte ytterlegare forverra ved at dei samvirkeverksemdene bøndene etablerte for å foredla og formidla landbruksprodukt, som Tine,  Nortura og Felleskjøpet, har utvikla seg i tråd med vanleg kapitalistisk verksemd. Dei har rasjonalisert og sentralisert drifta og skvisa bøndene sine fortenestemarginar.

Bøndene seier nei til luftpengar

Eit sentralt stridsspørsmål når det gjeld bøndene sine inntekter no er berekningsgrunnlaget for eit bondeårsverk. Ap, Høgre, Venstre og Sp(!) vart i næringskomiteen i Stortinget samde om at grunnlaget for eit årsverk i landbruket er 1845 timar, medan det for alle andre inntektsgrupper er kring 1700 timar. Det har òg vorte lagt inn ei «normering»  av bondeinntektene, som i praksis tyder at inntektsgrunnlaget vert auka med 20 % ut over kva som er det røynlege. Dette vert av bondeorganisasjonane karakterisert som «luftpengar». Eit sentralt krav frå bondeorganisasjonane er fylgjeleg at berekningsgrunnlaget for eit bondeårsverk skal senkast frå 1845 til 1700 timar.

All tale om auka sjølvforsyning og auke av bøndene sine inntekter vert innhaldslaust om dette ikkje fylgjast opp av politisk vilje og økonomisk satsing frå styresmaktene. Sp har særleg kome i ein vanskeleg skvis her, kor partileiinga sin dobbeltkommunikasjon i høve landbruket, samstundes med den inngåtte avtala med Ap, Høgre og Venstre, har vorte avslørt av partiet sitt grunnfjell rundt om i bygdene. Om «kompromisset» som desse fire partia har kome fram til vert resultatet når det gjeld berekning av årsverk og inntekt, kan bondeopprøret for alvor kome til Noreg òg.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre