5 mai 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Originalfoto: <a href="https://unsplash.com/@sahinsezerdincer?utm_content=creditCopyText&utm_medium=referral&utm_source=unsplash">Şahin Sezer Dinçer</a> på <a href="https://unsplash.com/photos/person-in-green-jacket-and-brown-pants-walking-on-gray-concrete-stairs-oglBmXuiClc?utm_content=creditCopyText&utm_medium=referral&utm_source=unsplash">Unsplash</a>

Framlegget til obligatorisk tenesteplikt, eit pliktår, er i hovudsak eit framlegg om billeg arbeidskraft for staten og i mindre grad eit framlegg som skal møta vernebuings-og forsvarsbehov.

Stavanger Arbeiderparti føreslo i februar at all ungdom etter vidaregåande skule skal inn til eitt år obligatorisk verneplikt eller samfunnsteneste. Framlegget skulle i tillegg til ynskje om auka forsvarsevne òg skapa «eit meire robust samfunn». Det vart presentert som samfunnsteneste og som eit bidrag til å løysa «viktige  samfunnsoppgåver innan helse- og sosialsektoren, oppvekstfeltet og for humanitære og friviljuge organisasjonar.» Vidare at dette ville «styrka fellesskapsfølelsen og bidra til inkludering og integrering.»

Underforstått at framlegget òg slik skal bidra til å få ungdom på rett kjøl og motvirka ulike samfunnsmessige problem.

Brei entusiasme for «samfunnsteneste»

Dette framlegget har i ettertid vorte møtt med entusiasme og gjenteke frå andre lokale Ap-lag, og fått støtte frå sentrale politikarar frå andre parti som Unge Høgre-leiar Ola Svenneby, Bjørnar Moxnes i Raudt og Dag Inge Ulstein i KrF. Vidare har framlegget hausta støtte i leiarteigar i aviser frå litt ulike delar av det politiske spekteret, som Klassekampen, Dagsavisen og Nationen.

Det var innleiingsvis noko uklårt kva som konkret låg i dette framlegget frå  AP.  Dette har i seinare framlegg i høve Langtidsplanen for Forsvaret (LTP) og ulike ordskifte vorte mykje klårare.

Eit kull med 19-åringar utgjer 60 000 personar, og det vert no kalla inn om lag 8500 – 9000 kvart år til teneste i Forsvaret. Etter framleggjinga av den nye langtidsplanen for Forsvaret framgår det at det i åra framover vil verta kalla inn omlag 4600 fleire ungdomar kvart år til militær førstegangsteneste. Det vil soleis vera eit betydeleg antal av årskullet, i overkant av 45 000 personar, som kan råkast av det nye «samfunnsteneste»-framlegget frå AP. Framlegget tek slik tydelegvis sikte på å dekka noko anna enn den militære verneplikta.

Verneplikta før og no

Verneplikta er i Noreg regulert gjennom paragraf 119 i Grunnlova og vidare i Lov om verneplikt og i Lov om Heimevernet. Denne lovgivninga fastslår at alle i bestemte årskull har plikt til å delta i forsvaret av landet. Utover på 1990-talet skjedde ei omleggjing av Forsvaret frå eit vernepliktsforsvar til ein i hovudsak verva militær styrke, i tråd med at og det norske militærvesenet vart sendt på utanlandsoppdrag og NATO sin «out of area» strategi. Verneplikta vart i røynda avskaffa for størstedelen av dei aktuelle årskulla. På 2000-talet vart soleis berre ein mindre del av 19-årskullet kalla inn til militær førstegangsteneste, og ordninga med sivil tenesteplikt for dei som ikkje ville eller kunne delta i det militære forsvaret, vart avskaffa av Stortinget i 2012. Alle har likevel sesjonsplikt, og må i utgangspunktet møta opp til denne.

Lovgivning om formar for verneplikt har for øvrig lange tradisjonar og har vore norsk lov heilt attende til Utgjerdsbolken i Gulatingslova og seinare vidareført i Landslova av 1274, som fastslo at alle menn langs kysten og i fjordane hadde møteplikt i Leidangen ved fiendslege åtak.

Reknestykke som skurrar

Ein del avisredaksjonar og sentrale politikarar frå m.a. Venstre og Frp har gått mot framlegget frå Ap ut frå omsynet til personleg valfridom og utvikling. Andre har gått mot framlegget ut frå ei rein økonomiske grunngjeving, deriblant finansminister Trygve Slagsvold Vedum. Forsvarsdepartementet og Finansdepartementet har på oppdrag frå Vedum, etter spørsmål i Stortinget, berekna kostnadane ved obligatorisk tenesteplikt for alle 19-åringar. Ein vernepliktig kostar i fylgje tal frå Forsvarsdepartementet kr 230 000 pr. år. Av dette mottek den einskilde soldat kr 6 630 i månaden pluss kr 42 522 ved dimisjon, dessutan ein bestemt sum til dei som har ektefelle og barn, samt utbetaling til dekking av dokumenterbare kostnadar som husleige og liknande. Ved innkalling av heile årskullet, som vil bety ei auke på ca 50 000 personar, til eit obligatorisk pliktår vil kostnaden for staten verta om lag 11,5 mrd. kroner dersom same årlege personellkostnad som for Forsvaret leggjast til grunn.

Årleg tapt skatteinngang vil verta om lag 11 mrd kr. og årleg tapt samfunnsmessig verdiskaping bereknast til om lag 20 mrd. kr. Samla kostnadar ved innkalling av heile årskullet vil slik vera noko over 40 mrd. kr årleg. Imidlertid er det eit tydeleg atterhald ved dette reknestykket som Vedum berre kort refererar til avslutningsvis i si utgreiing, og som det i denne samanhengen er verdt å ta med i direkte sitat: «Her er ikke tatt hensyn til om plikttjenesten kan ha en verdi for samfunnet dersom den f. eks. består i å jobbe på et sykehjem eller utføre andre samfunnsoppgaver som ellers ikke ville blitt utført. I så fall vil kostnaden bli mindre.»

Fagforbundet set foten ned

Fagforbundet ved Mette Nord har gått klårt ut mot framlegget frå det som er forbundsleiar Nord sitt eige parti. Fagforbundet erklærte at det både er naudsynt å styrke vernebuinga (beredskapen) og å betra tilgangen på arbeidskraft i helsevesenet, men at framlegget til pliktår nettopp kan vanskeleggjera dette siste føremålet. Dette av di ungdom ved eit obligatorisk pliktår vil verta forseinka i utdanningsløpet sitt, og at det slik vil kunne føra til eit mindre antal kvalifisert arbeidskraft i helse- og omsorgssektoren. Fagforbundet uttalte at det som trengs i helsesektoren er kvalifisert personell, fleire tilsette i faste stillingar og betre arbeidsfordeling mellom dei ulike faggruppene. Vidare synte Fagforbundet til at framlegget inneber ei nedvurdering av fagutdanna arbeidarar innan helse- og omsorgssektoren, og at desse ikkje bør fortrengjast  av ufaglært ungdom.

Framlegget til eit obligatorisk pliktår er i hovudsak eit framlegg om billeg arbeidskraft for staten og i mindre grad eit framlegg som skal møta vernebuings-og forsvarsbehov. Samstundes vil tenesteplikta i tillegg fungera styrande og disiplinerande for alle landet sine 19-åringar, noko som i den noverande stoda vil bidra til krigsretorikken og krigsførebuingane som USA, NATO og EU held på med, med Noreg som ivrig deltakar.

Disiplinerande tvangstrøye

Slik vil det gjera det lettare å påvirka og indoktrinera ungdomen med «dei rette haldningane» til Vesten opp mot resten av verda. Framlegget vil på det personlege planet i tillegg forseinka utdanninga og vaksenlivet for ungdomen, og istaden gjera dei til billeg og ufaglært arbeidskraft gjennom eit heilt år av livet. Framlegget har òg ei klår økonomisk side som det lyt fokuserast på utover dei berekna kostnadane for staten. Det er dei samla kostnadane for dei berørte ungdomane, og kva dette vil bety sosialt og økonomisk for samfunnet.

Vidare vil framlegget føra til sterk auke av ukvalifisert arbeidskraft inn i helse- og omsorgssektoren og slik setja løn og faglege og sosiale tilhøve for dei tilsette der under press. Ap vil med framlegget løysa bemanningskrisa innan viktige delar av helse- og omsorgssektoren istadenfor å satsa på, og ikkje minst betala for, å få fleire inn i kvalifiserande utdanning og så betala desse ei anstendig løn. Framlegget vil fungera ikkje berre som ei tvangstrøye for ungdomen, men òg som tvangsarbeid til låg løn, og bør i sin heilskap avvisast.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre